Hopp til innhold

Håpar meir fokus på frivillig arbeid skal sikre eldre eit betre liv

Sosiale tilbod er kanskje minst like viktig som fysisk pleie og omsorg. Det meiner kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som håpar den nye stortingsmeldinga «Morgendagens omsorg» skal sikre eldre og andre omsorgstrengande eit betre liv.

Landsmøte for Senterpartiet

VIL SATSE: Liv Signe Navarsete seier det er viktig at eldre og andre omsorgstrengande får leve gode liv. Då er det viktig at det også blir sett fokus på den mentale biten, seier ho.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg trur mange eldre i dag døyr mentalt og sosialt før dei døyr fysisk. Mange er einsame, seier Navarsete til NRK.no fredag morgon.

Slik kan ein ikkje ha det meiner politikarane, og gjennom ei ny stortingsmelding er håpet at ein no skal leggje til rette for at omsorgstrengande, både gamle og unge, skal få ein kvardag der livsglede står i fokus.

– Vi vil mobilisere og systematisere det frivillige arbeidet, og leggje vekt på at livet som eldre og omsorgstrengande er ein heilskap. At ein er heile menneske og har behov for sosiale og kulturelle stimulansar.

– Eg trur dette er viktig for å skape livskvalitet, seier Navarsete.

– Fokuserer på det heile mennesket

Klokka 12 fredag blir stortingsmeldinga «Morgendagens omsorg» lagt fram i Trondheim av helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre og Audun Lysbakken. Men allereie no kan Liv Signe Navarsete fortelje litt om kva stortingspolitikarane ser for seg for framtida.

– Dette er ei stortingsmeldings om fokuserer på det heile mennesket, i fasar av livet der ein treng omsorg. Enten det er yngre omsorgstrengande eller ein er eldre og treng omsorg, seier Navarsete.

Og omsorg er langt meir enn hjelp, pleie og behandling når ein er sjuk eller gamal. Navarsete seier det er veldig viktig å gjere det ein kan for å sikre at dei som treng omsorg får leve gode liv.

– Det handlar om det sosiale livet, den mentale delen, og det å vere i stand til å styre sitt eige liv lenger når ein er eldre, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eldreomsorg

EINSEMD: Mange eldre og andre omsorgstrengande opplever einsemda som vond og vanskeleg. For nokon er einsemda så vond at dei døyr av den.

Foto: Illustrasjonsfoto / Colourbox.com

Vil ha meir frivillig arbeid

Det vil i dag bli lagt fram fleire strategiar for korleis ein skal få dette til. Navarsete seier noko av det viktigaste blir ein strategi som skal auke frivillig arbeid i omsorgssektoren.

– Frivillige er ein viktig ressurs i dag. Vi er ein nasjon av dugnadsmenneske, men størstedelen av denne biten går i dag inn mot idrett og kultur og andre sektorar enn omsorg.

– Sjølv om vi og har mange som står på i omsorgssektoren, skal vi no systematisere dette betre, seier ho.

– Tiltak som skapar livsglede

Dette inneber ei opplæring av frivilligheitskoordinatorar som skal mobilisere, organisere og koordinere det frivillige arbeidet ute i kommunane.

Ein skal også få på plass ei nasjonal sertifiseringsordning for det dei kallar «Livsglede-sjukeheimar», fortel Navarsete som viser til at det vil kome fram fleire strategiar når heile meldinga blir lagt fram seinare fredag.

– Det er viktige tiltak som motverkar einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekking. Tiltak som skapar livsglede for den enkelte, seier ho.

Politikarane har også som mål å få fleire menn inn i omsorgstenesta. I dag er berre 11,6 prosent av alle årsverk i eldreomsorga utført av menn.