Hopp til innhold

Over 30.000 har vore innom her

Berre på fem månader har over 30.000 besøkjande tatt turen til Lustrabadet. Det er langt meir enn dei sjølv hadde våga håpe på.

Lustrabadet

TUSENVIS: Det har ikkje blitt reint få plask i det 25 meter lange bassenget i Lustrabadet sidan opninga i oktober 2012.

Foto: Tage Skjaak Moen

– Vi hadde lagt inn ein buffer, men ikkje på langt nær så høge tal som dette, seier dagleg leiar Nina Gudevang.

Badeanlegget stod klart heilt i slutten av oktober i fjor, og sidan opninga har det vore mange som har fått testa ut både basseng, stupetårn, klatrevegg og sklier.

– Dette er ein draumestart for både dei tilsette, meg, styret og heile kommunen eigentleg, jublar ho.

Omstridd anlegg til 100 millionar

Badeanlegget ligg midt i Gaupne og har eit 25 meters basseng med seks baner. I tillegg kan folk prøve seg frå stupetårnet, klatre i klatreveggen, hive seg utfor i skliene eller kose seg i barnebassenget med dei minste.

Då planane om anlegget først vart kjent, var det mange som meinte det var feil å bruke så mykje pengar på eit bad. Både politikarar og innbyggjarar protesterte, og det vart mellom anna samla inn 1000 underskrifter frå folk som var i mot.

Men fleirtalet i kommunestyret sa ja til bygging, og tre år seinare stod anlegget til vel 100 millionar klart i haust.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lustrabadet

BASSENG: I tillegg til basseng er det også sklier og klatrevegg i det nye badeanlegget i Luster.

Foto: Tage Skjaak Moen

– Over all forventning

Og anlegget har vist seg å vere populært. I snitt har det vore innom 6000 besøkjande kvar månad sidan opninga, noko dagleg leiar Nina Gudevang gler seg veldig over. Dei hadde håpa på kanskje 4500 besøkjande i månaden.

– Så dette er over all forventning.

– Vi er kjempegodt nøgde, og vi har så mange nøgde kundar. Alle dei smila som går herfrå, og dei smila vi ser i bassenget, det er veldig morosamt, seier Gudevang.

– Eit tilbod folk har venta på

Ho trur det er fleire grunnar til at badet har vore godt besøkt dei første månadene.

– Eg trur vi har fått eit ganske godt rykte. Folk som har vore her har vore godt nøgde, og dei har vore positivt overraska over kor mykje anlegget inneheld, seier ho og trur at ryktet har spreidd seg og at det har fått fleire til å ta turen.

Ho trur også at plasseringa har hatt sitt og seie, og viser til at det er eit stykke å reise til det neste næraste anlegget, anten til Havhesten i Florø eller til Høyangerbadet.

– Eg trur dette har vore eit tilbod som folk har venta på, seier Gudevang til NRK.no.

No ser ho føre seg at dei må bu seg på ei litt roleg tid framover, og seier april og mai tradisjonelt sett er dårleg besøkte månader for badeanlegg.

– Men så trur eg at vi kjem til å få godt besøk til sommaren. Både av turistar, men og av folk som har ferie og litt betre tid, seier ho.

Luster får nytt badeanlegg i haust, og det med ei spesiell utsmykking. Fotokunst gjenspeglar aktivitet i bassenget på veggane.

SJÅ VIDEO: Luster fekk nytt badeanlegg sist haust, og det med ei spesiell utsmykking. Fotokunst gjenspeglar aktivitet i bassenget på veggane.