Hopp til innhold

Siste frist for din kulturidé

Ved midnatt måndag kveld går fristen ut for å sende inn din beste kulturidé. Om du ikkje har meir enn fire linjer å sende inn, er det nok.

Årets kulturidé 2012

VIL HA DIN IDE: Du har framleis litt tid på deg til å sende inn din beste kulturidé.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har også i år gått saman om å kåre den beste kulturidéen. Det kan vere både smått og stort.

Det har allereie kome inn mange søknader, men det er framleis plass til fleire. Enno er det nokre timar att til fristen går ut.

Kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga sa før helga at det har vore kjekt å lese gjennom søknadsbunken, men at han gjerne vil lese fleire.

No har du tida på deg fram til midnatt, og om du ikkje har ei heil avhandling på plass, så gjer ikkje det noko, seier Fidjestøl.

– Om du berre har fire linjer, så send inn. Vil vi ha deg med vidare, så tek vi kontakt.

Fristen går altså ut i kveld klokka 24. Du sender inn din søknad til kulturide@nrk.no og skriv «Årets kulturidé 2013» i emnefeltet.

Når søknadsfristen er ute, skal ein jury plukke ut eit finaleheat. Ein reporter frå NRK Sogn og Fjordane kjem så til å reise rundt og oppsøke finalistane, som blir presenterte i radiosendingane og på nettsida til NRK.

Folk flest kan vere med på å kåre vinnaren via nettet, i tillegg vil juryen ha eit ord med i laget når det skal avgjerast kven som vinn 100.000 kroner.

Det heile blir avslutta med ein fest i hagen til NRK Sogn og Fjordane til sommaren. Der skal vinnaren av «Årets kulturidé 2013» presenterast.

I fjor var det Utkantfestivalen i Skjerjehamn som stakk av med prisen og heider og ære.