Hopp til innhold

Overflatevatn kan stengje fylkesveg

På fylkesveg 60 over Utvikfjellet er det måndag kveld så mykje overflatevatn at folk blir bedne om halde seg unna. Situasjonen er så alvorleg at vegen kan bli stengd.

Store problem med overflatevatn på fylkesveg 60 Utvikfjellet

VÊR OBS: Det er svært vanskelege køyreforhold over Utvikfjellet måndag kveld, opplyser Statens vegvesen.

Foto: Hanne Sunde

Mykje tele i jorda etter ein lang kuldeperiode og store mengder nedbør på kort tid er ingen god kombinasjon. Og dette merkast.

Fleire stader er det måndag problem med overflatevatn, og på vegen og Utvikfjellet mellom Byrkjelo og Utvik er det så ille at Vegtrafikksentralen oppmodar folk om å velje ein annan veg om dei kan. Vatnet renn i strie straumar nedover vegen.

– Det er veldig vanskelege køyreforhold, med mykje overflatevatn. Dette skal spesielt gjelde på Byrkjelo-sida, opplyser Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK.no ved 17.20-tida.

Like før klokka 19.30 melder Statens vegvesen at vegen kan bli stengd på kort varsel.

SISTE: Vegvesenet har bestemt av vegen blir stengd frå klokka 21.

Ber folk velje annan veg

Folk som kan blir bedne om å velje vegen via Anda-Lote og Nordfjordeid i staden.

Erikstad seie dei har folk på plassen som jobbar med å leie vatnet vekk frå vegen. Desse vil truleg jobbe på staden utover kvelden.

Det er i området mellom hyttefeltet på toppen av fjellet og avkøyrsla til Breimsbygda at problema med overflatevatn er verst.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mykje vatn ved Utvikfjellet skisenter

MYKJE VATN: Med tele i jorda og store nedbørsmengder blir det mykje som blir liggande i store dammar. Her frå Utvikfjellet skisenter.

Foto: Hanne Sunde

– Ta det med ro

Ein bilist NRK har snakka med som kom over fjellet seint måndag ettermiddag seier ein må ta det med ro.

– Folk bør ta det med ro, eller så kan ein få kraftig vassplaning, seier kvinna.

Erikstad seier dei har fått mange telefonar i løpet av dagen, og at det er meldt om problem med overflatevatn og isnedfall over heile fylket.

Både riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 337 til Veitastrond er stengde på grunn av ras. I tillegg er fylkesveg 92 Bjordalen-Stordalen stengd grunna rasfare, og fylkesveg 451 mellom Kjøsnes og Vassenden er stengd grunna steinras.