Hopp til innhold

Hopen er klar til cupkampen

Snart har trenar Jonas Olsson alle spelarane sine tilgjengelege. Ørjan Hopen er klar til innsats i cupkampen mot Tornado Måløy onsdag.

Ørjan Hopen jublar over 2-0-scoringa mot Brann.

KAN SNART JUBLE FOR MÅL IGJEN? Ørjan Hopen er tilbake etter skade.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er ei tåskade som har halde Hopen borte frå fotballbana ei tid, men no er han i full trening.

Dersom trenaren tek han ut kan han spele cupkampen i Vågsøy, seier fysioterapeuten til Sogndal Fotball, Andreas Foss.

Brochmann klar mot Sarpsborg

Også Tony Brochmann er i full trening igjen, men Foss reknar med at han treng eit par treningar til før han er klar til kamp, det vil seie at han kan vere med i troppen mot Sarpsborg 08 til helga. Den danske kantspelaren har vore ute på grunn av ein avriven setemuskel.

(Artikkelen held fram under biletet)

sogndal

KLAR MOT SARPSBORG 08: Tonny Brochmann.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

Den tredje på skadelista til Sogndal Fotball er målvakt Mathias Dyngeland. Han har vore gjennom ein meniskoperasjon, og fysioterapeuten fortel at han ikkje blir så lenge borte frå fotballen som først frykta.

– Det viste seg å vere mindre alvorleg enn vi trudde, så han er klar til å spele kampar igjen om ein månad.