Hopp til innhold

No må du søkje om løyve til dette

Skal du gjere opp eld i nærleiken av skog og mark, må du søkje kommunen om løyve.

Lyngbrann på Husevågøy

MÅ SØKJE: Ein må tilbake til 2003 for å finne fleire utrykkingar til bråtebrannar og lyngbrannar.

Foto: Elisabeth Furnes

Frå 15. april til 15. september er det nemleg forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og mark utan løyve frå kommunen.

– I utgangspunktet er det eit generelt forbod og då må ein søkje kommunen om løyve, seier Terje Brandsøy, dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

Rekordstart

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

DAGLEG LEIAR: Terje Brandsøy.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Så langt i 2013 har brannvernet i fylket måtte rykkje ut til 43 skogbrannar. Det er det meste sidan 2003.

– Dette er vêret, det er tørke og lite nedbør som har ført til det samstundes som ein kanskje har vore vel aktlaus når ein har drive med bråtebrenning. Det er heilt spesielt, seier Brandsøy og konstaterer at året har hatt ein dårleg start når det gjeld brannar i skog og mark.

Fleire i helga

Seinast i helga måtte mellom anna brannvernet i Jølster og Selje ta seg av lyngbrannar som kom ut av kontroll. Brandsøy seier ein må sjølv ta ansvar for det ein startar, og dersom anna busetnad eller verneverdig skog går tapt, så kan bålbrenning bli dyrt om det kjem ut av kontroll.

Samstundes kostar også unødige utrykkingar.

– Ved bråtebrenning og brenning av hogstavfall skal ein alltid søke den aktuelle kommune om løyve før ein startar brenning. Det skal utarbeidast planar slik at brenninga går føre seg på ein forsvarleg måte, seier Brandsøy.

– Meld ifrå

Brandsøy seier det alltid skal vere ein ansvarleg til stades under brenninga. Planar for brenning og beredskap skal leggjast ved søknaden til kommunen.

Når søknaden er innvilga, skal ein melde både løyve og kontaktpersonar vidare til Alarmsentralen.

– Alarmsentralen kan ikkje gi løyve. Men det er viktig at vi har informasjon om all brenning slik at vi unngår unødige utrykkingar, seier Brandsøy.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Skogbrannar 2001-2013

 

2001

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

Mars

22

1

9

2

2

12

6

0

1

0

0

1

31

April

21

2

36

7

20

10

3

18

13

10

8

2

12

Mai

19

6

0

6

2

18

5

3

1

4

6

3

 

Juni

6

2

3

7

2

4

4

5

8

8

1

5

 

Kan bli totalforbod

I mars månad måtte brannvernet i snitt rykkje ut til ein brann dagleg som meir eller mindre kom ut av kontroll.

Ved fleire høve har bygningar stått i fare. I påska måtte brannmannskap og friviljuge kjempe mot flammar som under eit tjukt lag med snø bana seg veg mot ei hytte.

– Vi er eit stort fylke. Dette medfører ulik brannfare i forhold til tørke og nedbør. Vêr merksam på at det i tørkeperiodar på kort varsel kan bli lagt ned totalforbod mot brenning, seier Brandsøy.