Hopp til innhold

Fakka tørst tjuv i 30-åra

Tre timar etter innbrotet, erkjende ein mann i 30-åra at han var den øltørste tjuven politiet var på jakt etter.

Politiet fekk melding like over klokka 06 om ubedne, men tørste, gjester hos Høyanger hotell.

Vedkommande hadde fått med seg noko drikkevarer.

Tre timar seinare kunne politiet melde ifrå at ein kar i 30-åra var pågripen. Endå betre var at han også hadde erkjent forholdet.