Hopp til innhold

Slik sparer dei tusenvis på tennene

Nordmenn sparar titusenar av kroner på å oppsøkje tannlegar i utlandet. I Sogn sparte Gunstein Førde 30.000 kroner på sin tur til ein polsk tannlege.

Gunstein Førde

SPARTE: Gunstein Førde (60) sparte seg 30.000 kroner på å få tennene sine behandla i utlandet.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Då 60 år gamle Gunstein Førde frå Høyanger måtte bytte ut ei bru han hadde knekt, skulle norske tannlegar ha 35.000 kroner for å behandlinga.

Dermed vart sogningen ein av stadig fleire nordmenn som reiser over landegrensene for å få rimelegare tannlegehjelp.

– Eg tykte det var ein stiv pris, så eg byrja å sjekke litt. Mellom anna i Polen der eg er litt kjend, fortel Førde.

– Ingen problem

Og det er til land som Polen, Ukraina og Russland mange nordmenn reiser for å gjere tannlegerekninga tusenvis av kroner mindre.

Ifølgje Ragnar Vik i ForbrukerEuropa er nordmenn på jakt etter tannlege i utlandet ein aukande trend.

For Førde kom prislappen for arbeidet på 5.500 kroner.

– Eg var jo stornøgd. Eg var spent på resultatet og eg venta eit godt døgn der nede, men arbeidet var det ingenting å seie på. Eg har heller ikkje hatt problem i ettertid, seier 60-åringen om behandlinga han fekk i Polen.

Dårlegare tilbod i Norge

I Førde meiner tannlege Anders Henning Sægrov at den aukande trenden av nordmenn som reiser utanlands for behandling av tennene, kan ha negative følgjer for den norske tannpleia.

– Då vil det sjølvsagt bli mindre å gjere for tannlegar i Norge. Og då kan tilbodet bli mindre også, seier han og legg til at behandling i utlandet ikkje alltid er til å stole på.

Få klagar

– Ein kan jo fort ende opp med at du får tilbod om behandling i utlandet, der ein kan stille spørsmål ved om behandlinga eigentleg er naudsynt. Då hjelp det ikkje kor billig det er, seier Sægrov.

Ragnar Vik, direktør i Forbruker Europa, trur ikkje det er mange som har dårlege erfaringar med tannklinikkar i utlandet.

– Reiser tilbake

– Vi har ikkje motteke mange klager, og det er relativt få spørsmål vi har fått på dette. Så det er jo grunn til å tru på at dette stort sett går bra, seier Vik.

Gunnstein Førde er ikkje i tvil om kvar han kjem til å gå til tannlege framover.

– Eg kjem til å reise tilbake om det ikkje er direkte akutt. Er det ei litt større oppgåve, så kjem eg til å ta det i Polen, avsluttar han skråsikkert.