Hopp til innhold

Desse vegane er stengde

Nedbøren siste døgnet har ført til problem for fleire vegar i fylket. Sju vegar var måndag morgon stengde.

Mange stengde vegar i Sogn og Fjordane

UTFORDRINGAR: Ras og skred, og fare for ras og skred, stengjer fleire vegar i morgontimane måndag.

Foto: Åse-Iren Løset

Fire av vegane er framleis stengde på grunn av ras eller skred. Dette gjeld fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond. Her skal det ha gått eit snøskred i Bjørnabakkane.

Fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru er no opna for trafikk, etter at ein først måtte stengje vegen etter eit snøskred ved Jåteli.

Ved ni-tida måndag morgon vart fylkesveg 50 Hol - Aurland stengd. Stengd er også fylkesveg 451 mellom Vassenden og Kjøsnes i Jølster. Her har det gått steinras.

Vart opna

I Bremanger var fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein stengd på stengd på grunn av fare for ras.

Fylkesveg 694 er opna mellom Reed og Årdal i Gloppen, medan riksveg 13 over Vikafjellet igjen er stengt etter eit snøskred.

– Eg reknar med at vi har folk på plass når det blir lyst for å sjå om vegane er tilrådelege å opne eller ikkje, sa vaktoperatør Arne Stadheim hos Vegtrafikksentralen i Lærdal måndag morgon.

Stengt i Fjaler

Søndag kveld vart den kommunale vegen mellom Stav og Myklebust i Fjaler stengd. Måndag morgon er vasskadane så store at mindre bilar ikkje kan køyre.

Her håpar dei å kunne opne vegen i løpet av dagen.

– Bør vere obs!

Telen i jorda og dei høvesvis store nedbørsmengdene gjer at rasfaren for tida er stor i fylket. Det er venta regn opp i 2.000 meters høgde.

Når vatnet ikkje får trekkje ned i jorda, kan det også føre store mengder vatn inn i vegen.

– Bilistane bør vere merksame på dette med vassplaning. Det kan vere ein del overflatevatn kring om. I tillegg kan isnedfall vere skummelt, seier Stadheim.