Hopp til innhold

– Eg heldt i rattet heile tida

Ein trailer hamna i grøfta på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet i ettermiddag. Årsaka skal vere glatt vegbane ifølgje sjåføren.

Trailer i grøfta på Hemsedalsfjellet

I GRØFTA: Vegbane var så glatt at sjåføren av traileren mista styringa og hamna i grøfta.

Foto: NRK-tipsar

– Sjåføren av traileren mista styringa og hamna i grøfta, fortel Geir Ove Holen i Geir Ove Holen transport i Vik i Sogn.

Det var ein av hans sjåførar som var ute for uhellet.

Hemsedal trailer

LA SEG NED: Traileren har lagt seg ned over brøytekanten.

Foto: NRK-tipsar

Gjekk seint

Føraren sjølv var ikkje redd i det heile da han prøvde å få kontroll på traileren.

– Det var rett og slett veldig glatt og mykje slaps i vegen, fortel han til NRK.no.

– Eg prøvde å halde hovudet kaldt. Det i grunn ikkje så mykje anna å gjere. Det heile gjekk veldig seint. På grunn av den glatte vegbane køyrde eg seint, men då bilen gjekk utfor kanten var det ikkje anna å gjere enn å prøve å halde bilen oppe, fortel føraren.

Kvit på knokane

Føraren tenkte ikkje på seg sjølv og var meir redd bilen.

– Eg heldt i rattet heile tida. Heilt til traileren stoppa og la seg ned i grøfta. Eg var heilt kvit på knokane. Det kunne jo ha gått gale, men det gjorde det ikkje denne gongen heldigvis, fortel han.

Traileren er heilt ute av vegbana og skal ikkje vere i vegen for trafikken.

Bilberging frå Viking er no på staden.

Mykje slaps

– Det har vore ein del snø og slaps på strekninga, men det ser ut til å betre seg no, seier vakthavande Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Det skal og vere salta ein del på strekninga no.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.