Hopp til innhold

Stengjer fylkesveg 616 til måndag

Fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein er stengd fram til måndag morgon grunna rasfare.

Stengjer fylkesveg 616 i Bremanger på grunn av rasfare

STENGD: Dette skiltet møter dei som vil køyre fylkesveg 616 Davik-Dombestein.

– Vi stengjer heile strekninga fordi det er fare for at det kan komme ras med det vêret som er no, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen, Jan Erikstad.

Det blir sett inn ekstraferje på sambandet Kjelkenes-Smørhamn i kveld. Ferja går klokak 21.00 frå Smørhamn, og 21.40 frå Kjelkenes.

Tidlegare i dag kom det ned ein del isnedfall på strekninga, og ein har i samband med rydding av dette komme fram til at det er tryggast å stengje vegen.

– Dette er ein strekning der det tidlegare har gått mykje ras, og vi veit det også er mykje is langs vegen, så vi tek ikkje sjansar, seier Erikstad.

Fekk stein i panseret

Også i fjor var vegen mellom Davik og Dombestein stengd fleire gonger både grunna ras og fare for ras.

Ein bilist opplevde marerittet då ein stein dundra rett ned i panseret på bilen hans. Tidlegare var også ein annan bilist nær ved å bli knust då fleire store steinar kom ned i vegbana.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein knuste panseret på bil

STORE SKADER: Panseret på bilen vart knust av steinen som kom dundrande ned fjellsida i fjor.

Foto: NRK.no-tipsar

Ei skummel strekning

Statens vegvesen har tidlegare stadfesta at strekninga er skummel.

– Det er ei bratt fjellside med mykje vegetasjon og lause blokker som ligg oppe i fjellsida. Når det er mykje vind og nedbør så byrjar det å røre seg, og då kan det komme ned, sa byggjeleiar i Vegvesenet, Ann Kristin Nes, til NRK.no tidlegare.