Hopp til innhold

Fri ferdsle på riksveg 13 over Vikafjellet grunna uvêr

Etter at riksveg 13 over Vikafjellet var både stengt og hadde kolonnekøyring, er vegen no opna for fri ferdsle.

Riksveg 13

VIND OG SNØ: Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengd.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– Vikafjellet var ei stund stengt grunna mykje vind og nedbør, men no startar vi opp kolonnekøyring, seier vakthavande ved Vegmeldingssentralen, Jan Erikstad.

SISTE: Vikafjellet er klokka 13.30 ope for fri ferdsle.

– Det er framleis godt med vind, men det har minka med nedbør, seier Erikstad.

Ventar regn opp mot 2000 meter

Det er venta store nedbørsmengder over heile fylket i dag, med stadvis sterk vind. Også i høgfjellet kjem det til å bli svært mildt, og det kan komme til å regne så høgt som opp i 2000 meter, noko som kan gi utfordringar.

– I kombinasjon med stor snøsmelting snakkar vi om stor skredfare. Spesielt er det fare for sørpeskred. Det vil bli store mengder vatn som kjem susande, og som kanskje ikkje finn dei vanlege vegane sine sidan grunnen er frosen, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Martin Granerød.

Fylkesveg 616 Davik-Dombestein i Bremanger er stengd fram til i morgon grunna fare for ras.