Hopp til innhold

Hadde fem passasjerar i bilen då han køyrde over midtrabatt

Ein tenåring vart fråteken førarkortet etter at politiet tok han for aktlaus køyring på Nordfjordeid ved midnatt natt til søndag.

Nordfjordeid
Foto: Per Kristian Olsen

Den unge mannen blir politimeld etter at han køyrde på ein gang- og sykkelveg. Ferda gjekk så over ein midtrabatt før han skrensa vidare i Nordfjordeid sentrum.

Då politiet stoppa tenåringen, synte det seg at det var meir enn berre sjølve køyringa som ikkje var heilt etter boka.

I bilen var det heile fem passasjerar, altså éin meir enn kva som er lovleg i ein personbil.

Mistenkjer at mann var rusa på riksveg 15

Dermed vart førarkortet inndrege på flekken, og saka vil bli følgd opp av Eid lensmannskontor.

Like før klokka 03 natt til søndag vart ein mann i 30-åra mistenkt for å ha køyrt motorvogn i rusa tilstand på riksveg 15 vest for Eid. Det vart teke blodprøve av mannen.