Hopp til innhold

Rosar bebuarane for kjempeinnsats då brannen tok laust

Varabrannsjefen i Stryn rosar innsatsen til dei som kom seg ut av det brennande huset på Bergset i Stryn laurdag ettermiddag.

Created by InfoDispatcher

HUS I BRANN: Brannmennene gjorde ein kjempeinnsats for å få bukt med brannen som herja det over 100 år gamle huset. Foto/redigering: Arne Vik

– Dette hadde nok gått langt verre dersom dei ikkje hadde stått på og bore vatn for å sløkkje fram til vi kom, seier varabrannsjef John Jatgeir Vinsrygg.

110-sentralen fekk like før klokka 19.39 beskjed om at eit hus på Bergset litt vest for Stryn stod i brann. Då hadde allereie dei som var i huset starta sløkkinga sjølve.

– Dei har gjort ein iherdig innsats og til og med bore vatn opp på taket. Utan det trur eg branntomta ville sett annleis ut, seier Vinsrygg.

Huset var frå 1900-talet

Han fortel at huset, som er frå 1900-talet, har omtrent intakt 1. og 2. etasje, sjølv om desse nok er mykje skadde av både vatn og røyk.

– Men i verste fall kunne heile huset ha brunne ned. Dette er eit gamalt hus som er oppattpussa med ny kledning. Brannen, som har starta på utsida, gjekk under kledningen og tok seg opp på loftet, seier Vinsrygg.

Alt tilgjengeleg mannskap frå Stryn brannvesen stilte til innsats. Ein fann raskt ut at vatn kunne verte eit problem, og rekvirerte hjelp frå Eid.

– Vi kalla dei ut då vi fann ut at brønnen var frosen. Men då vi såg at vi klarte oss, så fekk dei kontramelding. Men vi tok ingen sjansar, seier Vinsrygg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eldre hus i brann på Bergset

MYKJE RØYK: Røyken synte lang veg då det gamle bustadhuset tok fyr.

Foto: Arne Vik / NRK

Kjenner ikkje til brannårsaka

Det er førebels uvisst nøyaktig kor mange personar som var i huset då brannen starta, men Vinsrygg stadfestar at fleire er sende til lege for sjekk med tanke på at dei har pusta inn røyk.

– Det var kraftig røykutvikling, men til alt hell vart ikkje huset fullstendig overtent. Difor fekk vi relativt raskt kontroll, seier Vinsrygg.

Ein var ei stund uroa for at brannen kunne spreie seg til bygningar som ligg rundt i gardstunet, men dette klarte ein å hindre.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til at brannen starta.

– Det har vi ikkje noko meining om på dette tidspunktet. Men saka vert følgd opp av Stryn lensmannskontor over helga, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.