Hopp til innhold

Bustadhus vart totalskadd i brann

Eit hus på Bergset litt vest for Stryn sentrum vart totalskadd i brann laurdag ettermiddag. Dei som var i huset klarte å komme seg ut ved eiga hjelp.

Kraftig røykutvikling

MYKJE RØYK: Elden fekk raskt tak i det gamle huset og spreidde seg inni veggene.

Foto: Arne Vik / NRK

– Vi fekk melding no like før klokka 21 om at brannen er sløkt, og at det er att èin mann på staden for å halde vakt og sjå til at det ikkje fatnar att, seier vakthavande ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane Jan Gunnar Holvik.

Brannvesenet fekk melding om at eit bustadhus på Bergset eit stykke vest for Stryn sentrum stod i full fyr like før klokka 19.30, og alt tilgjengeleg mannskap rykte ut.

Til alt hell hadde dei som heldt til i huset komme seg ut då det tok til å brenne

– Alle som har vore i huset har komme seg ut, seier Frode Korneliussen ved 110-sentralen.

– Kor mange var i huset då det tok til å brenne?

– Det er førebels litt uklart, seier Korneliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opp på loftet

KOM SEG UT: Dei som var i huset kom seg ut ved eiga hjelp før brannmannskapa kom til staden.

Foto: Arne Vik / NRK

Brann på utsida

– Så vidt vi veit har brannen starta på utsida av huset. Huset vart raskt overtent, seier Korneliussen.

Det var eit eldre hus som tok fyr, og brannen spreidde seg raskt i bygningen. Huset står på eit gardstun med fleire bygningar like ved. Brannmannskapa var ei stund redd for at brannen kunne spreie seg til omkringliggjande bygningar.

– Dette klarte dei å avverge, og vi har ikkje fått melding om skade på husa som ligg rundt, seier Korneliussen.

Sju-åtte mann frå Stryn brannvesen deltok for å sløkkje brannen.

Det er førebels ukjent kva som var årsak til at brannen starta.


Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.