Hopp til innhold

Historisk Molde-siger for Sogndal

Aldri før har Sogndal slege Molde borte i seriesamanheng. Med 2-1-sigeren på Aker stadion i dag er dermed Sogndal historiske.

Jon Navarsete og Sogndal

HISTORISKE: Med dagens siger over den doble seriemeisteren Molde er Sogndal historiske.

Foto: Arve Uglum/Svein Ove Ekornesvåg / NRK/NTB Scanpic

– Einaste gongen Sogndal har slege Molde borte var i cupen i 2010, elles har vi ikkje slege dei borte, seier NRK sin fotballekspert Jon Navarsete.

Sogndal gjekk opp i 1–0 då Ricardo Santos fekk inn ein susar. Magnus Stamnestrø, som er utlånt til Sogndal frå nettopp Molde, var på bana i knappe 30 sekund før han slo tunnel på Molde-keeper Söderberg.

Dermed hjelpte det lite at Etzaz Hussain sette inn Moldes første mål fem minuttar på overtid.

Trur det var dette som skulle til

Det var to lag som higa etter poeng som møttest på Aker stadion i dag. Før kampen var Molde einaste laget som ikkje har teke poeng etter dei tre første rundane, og betre vart det ikkje etter tapet mot Sogndal.

Navarsete trur dette var det som skulle til for at Sogndal har snudd trenden.

– Det er ufatteleg viktig å få ein siger. Eg kan berre tenkje meg kor mykje energi denne sigeren utløyser, seier Navarsete.

Han peikar på at tapet mot Vålerenga 1–0 var relativt forsmedeleg, og sjølv om det ikkje var uventa å tape mot Rosenborg, var fire baklengs kanskje i meste laget.

Som David mot Goliat

Navarsete peikar på at Sogndal i utgangspunktet burde har problem med å slå Molde borte, trass i at Molde har hatt startproblem i år.

– Dette skulle i utgangspunktet vere David mot Goliat, og Sogndal held eit godt nivå på ei normal dag, og då er dei med heilt der oppe, seier Navarsete.

Han trur dagens siger har mykje å seie for kampane som kjem.

– Eg trur dei er over på ei god bølgje, og det vil merkast, seier Navarsete.

Scora mot gamlelaget

Navarsete legg til at det mest var skjebnens ironi at det var den utlånte Magnus Stamnestrø som skulle setje inn nådestøyten for heimeklubben.

– Det er fenomenalt at han kan komme rett inn slik og score. Vi har ein del unge spelarar som bankar på døra, så dette er flott, seier Navarsete.

Han karakteriserer kampen i dag som ein kjempeprestasjon.

– Dette syner at alt er mogleg, seier Navarsete.