Hopp til innhold

Seriefavoritten fekk trøbbel mot sogningane

(ÅRDAL FK-FLORØ SK 4-4): Med målfest, to straffar, éin straffemiss, raudt kort og ein pen bunke gule, var kampen i Årdal ein fest for publikum. Men Florø-trenar Terje Rognsø legg ikkje skjul på at han er skuffa.

ÅFK-Florø sk

HARDE TAK: Korkje spelarane frå Årdal eller Florø la noko i mellom i taklingane.

Foto: Siren B. Svortevik

– Det vart kanskje litt vel mykje action, seier Rognsø og sukkar tungt.

For han er klar på at laget frå kystbyen burde ha hatt kontrollen, og det opp til fleire gonger.

I løpet av dei fem første minutta banka Florø sine Kristoffer Ryland og Runar Hove inn to mål. Men Årdals Preben Strypet sende ein susar etter corner for å pynte på

Terje Rognsø

ENGASJERT: Florø-trenar Terje Rognsø.

Foto: Siren B. Svortevik

stillinga.

I 25.- minutt sette Florø-spelar Stefan Aase inn 1-3-målet.

– Men så får vi Runar Hove utvist i 39. minutt. Trass i at vi er 10 mann i 55 minutt burde vi klart det. Og fire mål skal halde på bordtebane. Nei, vi er skuffa, seier Rognsø.

Missa på straffen

Årdal misbrukte straffesparket sitt, for Florø sin keeper tek både straffen og returen. Dermed stod det 1-3 til Florø til pause.

– Det er dødballane vi slepper inn, og det er skuffande. Ikkje at eg kimsar av Årdal, men vi hadde enormt med sjansar og var det klart beste laget. Men vi slepper inn dumme mål, seier Rognsø.

Etter pause måkte Truls Hovland inn 2-3-målet for Årdal i 48. minutt. Preben Strypet utlikna 3-3 for Årdal i 67. minutt, medan Simen Rekstetn Solheim sende Florø opp i leiinga 3-4 i 73. minutt.

I 85. minutt utlikna Christian Stedje for Årdal.

Må passe seg for dumme kort

Trenarduoen til Årdal FK Ivan Øy og Frank Øyre var i grunn greitt nøgde med 4-4-resultatet.

– Vi har møtt dei to gonger før, og eg følte at vi var nærare dei denne kampen, seier Øyre, og legg til at det er noko mentalt godt med å ikkje starte med tap.

– Spelarane har fått ein peikepinn på korleis vi ligg an, seier Øyre.

Trenaren uroar seg meir over at laget drog på seg fire gule kort.

– Vi har ein bra stall, men for mange suspensasjonar toler vi ikkje. Så der må vi skjerpe oss. Vi toler ikkje tulle-kort, seier Øyre.

Neste helg møter Årdal Varegg borte, og helga deretter Sogndal 2, også dei borte.

– Vi har ein knalltøff serieopning, så her må vi berre stå på, seier Øyre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Øyre og Ivan Øy

NØGDE: Årdal-trenarane f.v. Frank Øyre og Ivan Øy var greitt nøgde med 4-4 mot seriefavorittane.

Foto: Siren B. Svortevik

SLIK GJEKK DEI ANDRE OPPGJERA i 3. DIVISJON:

Radøy/Manger - Vik 0-3
Stryn - Lyngbø 1-2
Tornado Måløy - Varegg 0-2