Hopp til innhold

Her er Sogndal sin startellevar mot Molde

Desse karane spelar frå start når Sogndal møter Molde klokka 15.30 i rosenes by når fjerde serierunde i tippeligaen tek laust laurdag.

Mikkel Diskerud mot Sogndal

KAMPKLARE: Sogndal er klare til kamp i rosenes by.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Trenar Jonas Olsson har plukka ut desse elleve frå start:

Erik Dahlin,Taijo Teniste, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Malick Mane, Rune Bolseth, Sidy Sagna, Ruben Holsæter, Ulrik Flo,og Ricardo Santos.

På benken sit Leif Lysne, Eirik Skaasheim, Espen Næss Lund, Azar Karadas, Kristoffer Nesse Stephensen, Magnus Stamnestrø, Anders Hella.

Vanskeleg start

Den doble seriemeistaren Molde er det einaste laget som ikkje har teke poeng etter dei tre første rundane.

Sogndal hadde Rosenborg på besøk førre helg, noko som førte til fire baklengs og ingen mål for heimelaget. Sogndal har berre teke eitt poeng på dei tre første kampane.

Dermed er det to lag som verkeleg ønskjer seg poeng som møtest i dag. Sist Sogndal slo Molde borte var i cupen i 2010. I eliteserien har Sogndal aldri slege Molde på bortebane.