Hopp til innhold

Fryktar oter kan vere risiko for luftfarten

Avinor har søkt om permanent løye til å skyte oter på Florø lufthamn. Ein oter held nemleg til i området og tek innimellom ei vandring over taksebana. Det likar lufthamnsjefen dårleg.

Oter på flyplassen

ARTIG KAR: Oteren vandrar av og til over taksebana på Florø lufthamn. Oteren på biletet har ikkje noko med saka å gjere.

Foto: Kjersti Rylandsholm/Birger Meland / NRK

– Jau, oteren er fin, han. Men vi ser på han som ein risiko for luftfarten. Ein fullvaksen oter vert såpass stor at han kan føre til skade på eit fly dersom det skulle bli ein kollisjon. Det kan igjen føre til skade på passasjerane, seier lufthamnsjef ved Florø lufthamn, Siv Merete Stadheim.

Det er i ein risikoanalyse ved flyplassen at oterproblemet har komme opp, og no er det sendt søknad til fylkesmannen i Sogn og Fjordane der dei ber om å få løyve til å skyte den totalfreda oteren ved behov.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

SISTE UTVEG: Lufthamnsjef i Florø, Siv Merete Stadheim understrekar at avliving av den freda oteren er siste utveg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har ikkje eit ønskje om å skyte oteren, men dersom det skulle bli slik at han vert ytterlegare til plage og ikkje let seg jage vekk, så ønskjer vi å ha ein moglegheit til å bli kvitt han, seier Stadheim.

Oteren er eit vanedyr og når han først har funne seg ei rute, så held han seg ofte til den.

– Truleg held han til i ei steinfylling på vestsida av lufthamna, og så har han funne seg ei løype som går over rullebana, seier Stadheim.

Tryggleik er første prioritet

Ho peikar på at det kan verte farlege situasjonar dersom eit fly til dømes øydelegg nasehjulet ved landing grunna oterkollisjon.

– Vi må ha passasjerane sin tryggleik som vår første prioritet, seier Stadheim.

Men ho understrekar at fuglar utgjer den største risikoen for flytrafikken. Og nettopp dét er grunnen til at ein rev, som også vert observert frå tid til annan, får tasse rundt i fred.

– Vi har komme fram til at reven hjelper oss med fuglebestanden, i og med at han tek egg, så difor vil vi gjerne ha han der, seier Stadheim.

Burde vere enkelt å skremme

Organisasjonen NOAH, som jobbar for rettane til dyr, likar dårleg søknaden om fellingsløyve.

Til Bergens Tidende seier Jenny Rolness i NOA at dyret er ein attraksjon og at han er svært sky og vanskeleg å komme nær.

– For flyplasspersonellet må det vere ei enkel sak å skremme vekk eit dyr som er så sky. Oteren vil nok også vere snar til å flykte for fly som kjem inn for landing, seier Rolness til Bergens Tidende.

Organisasjonen protesterer mot at det blir gitt fellingsløyve.

Og også lufthamnsjef Stadheim understrekar at dei ikkje ønskjer å ta livet av oteren dersom dei kan sleppe.

– Det er absolutt siste utveg, seier Stadheim.

Det er venta at fylkesmannen i Sogn og Fjordane kjem med ei avgjerd i saka neste veke.