Hopp til innhold

Etterlyser raud VW Transporter i samband med tjuveri

Politiet etterlyser ein raud VW Transporter i samband med tjuveri av ein biltilhengar frå Skei i Jølster i perioden 5.-7.april.

Transporter

AV DENNE TYPEN: Det er ein bil av denne typen politiet etterlyser. Biletet har ingenting med den aktuelle bilen å gjere.

Foto: Illustrasjonsfoto

– Bilen det er snakk om skal vere ein 2003-modell eller nyare. Bilen er raud og har truleg grøne skilt, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen.

Transportaren skal ha hatt fire lastebøylar på taket.

Bilen vert etterlyst i samband med tjuveri av ein 2011-modell Gaupen biltilhengar frå Skei i Jølster førre veke.

– Hengaren skal vere ein boggi med to akslingar, seier Eggen.

Skal ha køyrt nordover

Den raude transportaren vart observert på åstaden søndag 7. april om lag klokka 05.17-05.19.

– Politiet mistenkjer at det er denne bilen som har vore nytta under tjuveriet. Bilen køyrde nordover på E39, og vi er svært interesserte i opplysningar dersom nokon har sett bilen i området på dette tidspunktet, seier Eggen.

Opplysningar kan rettast til lensmannen i Jølster på telefon 02800.