Hopp til innhold

Slik rydda han E39 for isnedfall med berre nevane

Bjarte Hauge måtte ta nevane fatt då han plutseleg kom over store mengder isnedfall på E39 på Eikås i Jølster.

Created by InfoDispatcher

IS I VEGEN: Her er Hauge i ferd med å avslutte ryddinga på E39. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

– Eg hadde køyrt frå Sogn og var på veg til Førde, men då eg kom til Eikås var det plutseleg mykje isnedfall i vegen. Det var slike mengder at det ikkje var råd å køyre over det, så då var det ikkje anna å gjere enn å rydde, seier Hauge.

Han legg til at på vegen frå Sogn såg han mange stadar der det var store mengder is som hang i fjellsidene langs vegen.

– Eg tenkte på det fleire gonger at her kan det komme noko susande, seier Hauge, som rår folk til å ta det med ro.

Kan komme brått på i mørket

– Éin ting er at ein kjem over slikt når det er dagslys, men hadde ein komme køyrande når det var mørkt, så hadde ein køyrt rett i det. Og det kunne fått konsekvensar, seier Hauge.

Starten på 2013 har vore kald og tørr, noko som har gitt gode veksttilhøve for is langs vegane. Det er venta store mengder nedbør i Sogn og Fjordane både søndag og måndag, og NVE har sendt ut flaumvarsel.

Bjarte Hauge

RYDDA VEGEN: Bjarte Hauge tok likegodt å rydda vegen sjølv då han møtte på isnedfall.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det vil komme mykje nedbør i heile Sogn og Fjordane, stadfestar vakthavande hydrolog ved flaumvarslinga på Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Erik Holmquist.

Dermed går ein frå ein periode med fint og kaldt vêr til nedbør og mildvêr.

Aldri sett så mykje is som i år

Det vil føre til at isen smeltar, og det som då heng langs vegane, finn vegen ned i vegbana.

– Det er reell stor fare for isnedfall. Eg har ikkje sett så mykje is langs vegane som i år, seier operatør ved Vegmeldingssentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

Han ber bilistane ta det med ro på vegane i helga.

– Det er meldt skikkeleg mildvêr, og kjem ein i full fart rundt ein sving og det ligg isblokker i vegen, så svingar ein ofte instinktivt unna. Kjem det då ein bil i mot, kan det vere skummelt. Det kan det for så vidt også vere dersom ein køyrer inn i isen, seier Molvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Isnedfall på Eikås

SPERRA VEGEN: Isblokkene var så store at det ikkje var råd å køyre over dei med bil.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ber bilistar vere obs på overflatevatn

Han legg til at overflatevatn også truleg vert ei utfordring mot slutten av helga.

– Mange stikkrenner og grøfter er heilt fulle av is. Det fører til at noko av denne isen kjem ut i vegbana, men det fører også til at nedbøren som kjem, ikkje finn den vegen han skal, og dermed renn over vegbana. Då kan det vere skummelt for bilistane, seier Molvær.

Det stadfestar også Holmquist i NVE.

– Kapasiteten til å ta unna vatn er dårlegare enn han burde ha vore, og det kan gi lokale overfløymingar, samt bekkar som tek nye vegar, seier Holmquist.