Hopp til innhold

Først sløkte dei ein grasbrann og så måtte dei ile til den neste

Først sløkte brannvesenet i Jølster grasbrann i Kjøsnesfjorden. Så måtte dei ile til Klakegg for å sløkkje ein grasbrann der.

Bråtebrann

TRAVELT: Jølster brannvesen hadde ein travel fredag med to bråtebrannar med knappe to timars mellomrom.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Dei rakk kanskje å komme seg i dusjen før dei måtte ut att, seier vakthavande ved 110-sentralen, Frode Korneliussen.

Like før klokka 16 måtte brannvesenet rykkje ut til ein grasbrann ved Kleivatunnelen ved riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. Eit område på oppsida av vegen stod i full fyr og måtte sløkkjast.

– Denne brannen skuldast eit bål som i utgangspunktet var tent på ein trygg stad. Men kraftig vind på staden førte til at det tok til å brenne i gras og lyng, og dermed var det i gang, seier Korneliussen.

Måtte ile ut til neste brann

Til alt hell klarte brannmannskapa å få raskt kontroll.

Men det skulle syne seg at det var meir arbeid i emming for brannfolka i Jølster.

– Klokka 18.08 fekk vi melding om at det brann på nedsida av vegen ved Klakegg, like nord for Skei, seier Korneliussen.

Denne brannen var noko mindre enn den andre og det var heller ikkje fare for at denne skulle spreie seg.

– Her kjenner vi ikkje årsaka til brannen, seier Korneliussen.

Rykte ut til kontrollert bråtebrann

I tillegg rykte brannmannskap i Aurland ut til det ein trudde var ein grasbrann.

– Men det synte seg å vere ei kontrollert brenning, så her var det ikkje noko for brannmennene å gjere, seier Korneliussen.

Han presiserer nok ein gong at det er svært tørt i terrenget, noko som gjer det ekstremt risikofylt å drive bråtebrann.

– Det er knusktørt i terrenget så det skal nesten ingenting til før flammane får overhand. Syn varsemd, oppmodar Korneliussen.