Hopp til innhold

Samarbeid hindre nytt fylleslag på Sanden

Eit tett samarbeid mellom politiet, kommunane og russen skal hindre at 1. mai-festen på Sanden i Naustdal igjen utviklar seg til eit valdeleg fylleslag.

Politi og russ

FESTLEG SAMARBEID: Atle Følid og Arianrhod Engebø frå Hafstad-russen saman med lensmann Jan Egil Tvinde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det var alt for mange valdsepisodar der ute i fjor, etter at folk drakk for mykje, blei for fulle og alt kom ut av kontroll, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Det han snakkar om er fjorårets mest omtala fest i Sogn og Fjordane. Sanselaus fyll og mykje vald prega ungdomsfesten på Sanden i Naustdal natt til 1. mai i fjor.

Politiet sin operasjonssentral tok imot i alt 26 naudsamtalar frå festen, og det kom fleire rapportar om blind vald.

– Skal bli bra

No har russen gått i samarbeid med ein profesjonell arrangør, og saman med politi og kommune laga klare reglar for å unngå ein ny Sanden-fest utan kontroll.

– Vi skal ha inngjerding og andre fasilitetar, Røde Kors og politiet skal vere med og assistere litt. No har vi alle føresetnader for at det skal bli bra i alle fall, seier raudrusspresident på Hafstad vidaregåande i Førde, Atle Følid.

Fest på Sanden

KAOS: Mange opplevde festen på Sanden i Naustdal natt til 1. mai fjor som det reine kaos.

Foto: NRK-tipsar

Skal ha fest-vertar

Han vil for ein kvar pris unngå at russen på nytt får stempel på seg for å vere arrangør av nok ein fest utan nokon grenser.

– Vi har også åtte vertar som skal vere med og trygge litt og ta vare på folk, sjekke området og inngjerdinga, fortel russepresidenten.

– Vi kjem til å ha mykje folk der, både vakter og politifolk. Slik blir det eit godt samarbeid, sler lensmannen fast i same andedrag.

Fleire er skeptiske

Men visepresident for Hafstad-russen, Arianrhod Engebø, innrømmer at fleire er skeptiske til dei nye, strenge reglane.

– Vi har møtt nokon som har vore skeptiske til at det blir endring i tradisjonane, at folk må betale og at yngre ikkje får vere med og slikt. Men vi tenkjer at dette blir eit godt alternativ til det vi har hatt tidlegare. Vonaleg eit betre alternativ også, seier ho.

– Honnør til russen

Lensmannen er uansett svært godt nøgd med det opplegget som politi, kommune og russ har blitt samde om.

– Eg vil gje honnør til russen og russestyret som tek denne støyten og set ein ny standard. Vi kan ikkje ha det slik som det har vore.