Hopp til innhold

Lærdal med to andreplassar i Facebook-NM

Lærdal kommune har sikra seg andreplass i to kategoriar i årets Facebook-NM for Kommune-Noreg.

Lærdal kommune på Facebook

STOLT ORDFØRAR: Om ikkje ordførar Jan Geir Solheim (på biletet) har vore stolt av Lærdal kommune tidlegare er han det i alle fall no etter dei gode resultata i Facebook-NM.

Foto: Facebook.com/skjermdump

Med 4979 likarar har Lærdal kommune nest flest likarar av alle kommunar med Facebook-side i Norge per 5. april 2013. Det høge talet på likarar sikra dei også andreplassen i kategorien størst del likarar i høve til innbyggjartalet, med ein prosentdel på 229 prosent av totalt 2175 innbyggjarar.

Sjølv om NM i Facebook for Kommune-Noreg er relativt ukjend for dei fleste, er resultata av stor betydning for Lærdal, meiner ordførar Jan Geir Solheim.

– Det er strålande at vi har ei så bra Facebook-side og det betyr jo at vi har ein måte å kome ut med nyhende på som er unik for ein så liten kommune, seier han.

Over halvparten på Facebook

215 av dei 428 kommunane i Norge har ei heilskapleg Facebook-side. NM i Facebook for Kommune-Noreg er ein uformell konkurranse der målet eine og åleine er å synleggjere, motivere og inspirere.

  • Les meir om Facebook-NM her.

Lærdal kommune er ein av dei som er svært motivert, og ordføraren meiner det er viktig for kommunar å tenkje på mediestrategi.

– Vi har ei heimeside som alle kommunar har der folk kan gå inn og søke på gebyr, satsar og reglar og lovar. Men det er også viktig å ha ein annan kanal der vi kan nå ut med nyhende som vi synest er viktig å få spreidd til flest mogleg, seier Lærdal-ordføraren.

Oppretta gjennom TV-serie

Facebook-sida til kommunen vart oppretta då TV-Norge-programmet «Gøy på landet» besøkte Lærdal i mai i fjor.

– Dei ønskte å gi noko tilbake til kommunane dei besøkte. Vi fekk ei Facebook-side som vart oppretta på TV, og i samband med det fekk vi ein god start og så har det bygd på seg, fortel Solheim.

Sjølv om Facebook-sida har tapt åtte likarar sidan 5. april, ligg dei framleis nest øvst blant norske kommunar på tal personar som likar sida. Trass i utfordringa dei har som ein liten kommune med ressursar til å følgje opp alt, ønskjer Solheim at sida skal vakse.

– Vi skal ha ei drøftingssak på tysdag, der vi i Formannskapet skal drøfte mediestrategi. Der er bruken av Facebook ein av dei tinga vi skal drøfte. Vi er nøydd til å ha fokus på det, seier han.

– Viktig å vere der folk er

Stadig fleire kommunar og andre offentlege instansar har dei siste åra teke i bruk Facebook som kommunikasjonsmiddel og arena for informasjon. Solheim meiner det er viktig å henge med i tida.

– Eg trur det er viktig å vere der folk er, og Facebook er noko mange brukar. Det har blitt mykje meir tilgjengeleg for alle med nettbrett og mobiltelefon. Det gjer at det vert meir brukt, og då trur eg det er veldig viktig at vi følgjer med.

Sjølv er ordføraren også inne på sida, men seier at han i ein hektisk kvardag ikkje skal skryte av kor aktiv han er. Likevel ser han verdien av ei Facebook-side.

– Eg er litt stolt at vi faktisk har så bra resultat, og det gjer noko med oss. 229 prosent i forhold til folketalet er ganske unikt. Då når vi mange fleire enn innbyggjarane i Lærdal, seier han.