Hopp til innhold

Så fekk dei endeleg mobildekning

På eit av Norges vestlegaste fastlandsområde har dei venta på mobildekning i over tre og eit halvt år. Tysdag kunne dei endeleg sleppe jubelen laus.

Arbeidarane på Seljestokken gler seg over mobildekning

ENDELEG: Arbeidarane ved Seljestokken båtverkstad jubar over endeleg å ha fått mobildekning.

Foto: Privat

På Seljestokken i Flora kommune har Torleif Seljestokken og arbeidarane ved Seljestokken båtverkstad tidlegare sprunge fram og tilbake for å leite etter mobildekning. Dei tidene er no over.

No kan dei gå rundt med mobilen i lomma og vere trygg på at dei kan ta telefonen kor dei enn er på Seljestokken. Den vesle staden med to bebuarar og to bedrifter er kjend som Norges vestlegaste fastland med naturleg furuskog, ifølgje Seljestokken.

– Vi er strålande nøgd. Det er ei stor lette å kunne riste av oss eit stort irritasjonsmoment. I går stod eg langt inne på verkstaden då eg fekk ein viktig telefon, og eg kunne faktisk ta den, fortel Torleif Seljestokken.

20 arbeidsplassar

Det er no tre og eit halvt år sidan Flora kommune og Fylkeskommunen vedtok at Seljestokken skulle få mobildekning. Og tysdag kunne dei to bebuarane endeleg sjå at telefonane målte full dekning. At Norges vestlegaste fastland med naturleg furuskog er ein liten stad, betyr ikkje at dekninga er overflødig.

– I praksis så er det berre eg og kona mi som bur her ute. Det er 20 arbeidsplassar her ute. Fem hos Seljestokken båtverkstad som eg driv saman med dottera mi, og 15 på steinbrotet som ligg like ved. Så det er mykje som skjer her, seier Seljestokken.

Ein enklare kvardag

Og frå no av er han sikker på at arbeidet vil bli mykje enklare.

– Ting skal jo ordnast, og deler skal bestillast. Tidlegare måtte ein notere ned det som skulle seiast før ein gjekk vekk for å ringe. Så måtte vi gjerne springe tilbake til båten for å finne ut noko meir, og så var det fram og tilbake. Men uansett kor du stod så vart det brote heile tida, seier Seljestokken.

– No kan vi ha mobilen i lomma. Det er litt uvant. Eg tenkte faktisk på det no når du ringde, at no er det berre å ta telefonen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.