Hopp til innhold

Ventar like mykje nedbør på søndag som dei seks siste vekene

Søndag kjem det til å regne like mykje som det har gjort dei seks siste vekene. Det kan føre til skred, is i vegen og tette avløp.

Regnvær

VANSKELEG PÅ VEGANE: All nedbøren søndag kan føre til mykje vatn i vegen.

Foto: Lise Åserund / Scanpix

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet seier det blir kraftig vind og store nedbørsmengder frå søndag.

– Det ser ut ruskete ut på søndag. Vinden skal auke på til ein sørleg sterk kuling og liten storm på kysten. Vi ventar milde og fuktige luftmassar. På dei mest utsette stadane kan vi vente oppimot 40 millimeter nedbør, så det kan bli ganske vått denne dagen, seier Fagerlid.

Etter fleire månader med tørt og kaldt vêr, betyr mykje regn på kort tid trøbbel.

– Dette blir ein brå overgang etter ein lang periode med tørt vêr. Det kjem like mykje nedbør på søndag som vi har hatt på seks veker. Det er litt skummelt etter ein lang kuldeperiode, det blir alltid trøbbel når det blir mildvêr.

Is kan falle ned i vegen

Det heng is langs mange vegar og denne kan falle ned i vegen når det byrjar å smelte.

–Det er veldig masse is langs vegane og den vil nok falle ned. Vi ventar mildvêr og temperaturar på 10–15 grader, så isen som heng langs vegane vil nok vere utrygg.

Vatnet kan finne nye vegar

Det har bygd seg opp snø og is i elvar og dalsider dei siste månadene. Det kan komme regn på over 1000 meter, så overgangen frå vinter til vår kan utfordrande.

– Den første snøsmelting kan føre til store elvar der avløp og røyr kan bli tette. Vatnet kan finne nye vegar fordi det ikkje trengjer ned i bakken på grunn av mykje tele.

– Er det stor fare for skred når mildvêret kjem?

– Den er nok auka fare for sørpeskred på grunn av all nedbøren, seier Fagerlid.

Slutt på nattefrosten

Han seier vi må vente oss regn frå søndag og i alle fall til torsdag. Mildvêret betyr at mange månader med nattefrost, no er over.

– Dei aller fleste får plussgrader om nettene framover. Nattetemperaturen kan fort stige 10–15 grader.

I dag kan det komme gløtt av sol, og Fagerlid trur vêret held seg ganske bra i dag og på laurdag.

– Det er eit lite nedbørsfelt på veg som gir litt nedbør sør i fylket. Dagen sett under eitt blir grei, men med mindre sol enn vi er vant med.