Hopp til innhold

Lovar pengedryss over fylket - men ingen avgjerd om fjordkryssing

Regjeringa vil ikkje seie noko om kor E39 skal krysse Nordfjorden når Nasjonal Transportplan blir lagt fram klokka 12 i dag.

Liv Signe Navarsete og alternativ for E39

INGEN AVKLARING ENNO: Kvar Nordfjorden skal kryssast, blir ikkje lagt fram i dag, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp)

Foto: Statens vegvesen/NRK

– Den avgjerda kjem ikkje i dag. Verken i Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal ligg den endelege avgjerda om traseval. Den er på plass i løpet av våren, men er ikkje klar i dag, seier Navarsete.

Skuffa ordførar

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har kjempa for fjordkryssing mellom Anda og Lote. Han er skuffa over det han høyrer.

– Dette er eit stort antiklimaks. Det har blitt understreka av mange at det må komme ei avgjerd, for det er viktig for heile fylket. Dette er utruleg skuffande, seier Bjørlo.

– Nesten som julaftan

Fleire viktige vegsaker i fylket skal avgjerast, blant anna kvar trasevalet for E39 gjennom Nordfjord. Men det kjem altså ingen avgjerd i dag om Nordfjorden skal kryssast ved Anda-Lote eller i Stryn.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete lovar likevel pengedryss over fylket.

– I dag må folk gle seg fordi det kjem til å drysse mykje pengar over både landet og Sogn og Fjordane. Det blir ein fantastisk transportplan og ein god dag for alle som er opptekne av vegar, jernbane og kollektivtrafikk. Dette er nesten som julaftan, seier Navarsete.

– Mange er spente på til dømes Vikafjellstunnelen og Strynefjellstunnelane. Ligg det pengar til desse inne i den nye transportplanen?

– Eg vil ikkje vere konkret, men det er mange som kan gle seg i dag.

Gler seg over det som er kjent

Det som er kjent, er at det blir pengar til Stad skipstunnel og at det skal bli ferjefri E39.

– For meg er det nesten ikkje til å tru at skipstunnelen, etter at vi har hatt det programfesta sidan 1997. Det har vore ein lang veg fram, men no når det er bestemt, har det stor betydning for Sogn og Fjordane. E39 er også kjent for stor påplussing. Samla investering for tiårsperioden er 42 milliardar kroner, der bompengar er rundt 20 milliardar.

Får større del av kaka

Ho seier at med denne nye planen vil Vestlandet få ein større del av den samla kaka. Det same gjorde landsdelen for fire år sidan då det var Navarsete som la fram planen.

– Kor stor er den reelle auken?

– Det får vi komme tilbake til. I dag er det samferdsleminister Marit Arnstad sin dag og ho skal sjølv få presentere dei tala.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bru over Oslofjorden er mykje viktigare enn bru over Sognefjorden. Det meiner hovedorganisasjonen Virke, som kaller det en skandale om ikkje hovudstadsområdet får penger i nasjonal transportplan i morgon, mens bruprosjekt på Vestlandet får milliardar.

SJÅ TV-SAKA: Krangel om kvar vegpengane bør brukast

Blir ein god dag for kysten

Navarsete seier samferdsleministeren har gjort ein god jobb, både i forhold til økonomiske rammer og fordeling mellom sektorar.

– For Sogn og Fjordane er det også viktig at vi har ei sterk satsing på kysten. Det er ikkje berre på veg vi får satsing, det er også ein god dag for kysten.

– Kor viktig er det for dei raud-grøne å leggje fram noko som begeistrar folk, berre månader før valet?

– Valet har ikkje vore tema i denne samanheng. Vi er den første regjeringa som sørgjer for at dei planane som blir lagde fram, blir oppfylte. Det er kanskje det viktigaste vi har gjort. Vi har også lagt fram ein plan der vi auka rammene med 100 milliardar. No legg vi igjen fram ein ny sterk plan, seier Navarsete.

Følg pressekonferansen direkte i nett-TV

Det er klokka 12 i dag at Nasjonal Transportplan for dei ti neste åra blir lagt fram. Her får vi svaret på korleis og kva vegar regjeringa vil bygge dei neste åra.

Det er samferdselsminister Marit Arnstad, statsminister Jens Stoltenberg og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell som skal presentere stortingsmeldinga om NTP. Du kan følge presentasjonen via nett-tv direkte frå kl 12.