Hopp til innhold

Tok fyr i tomt hus

Torsdag ettermiddag tok det til å brenne i eit hus i Svelgen. Ingen var i huset då brannen tok til.

Politiet fekk melding om brannen like før klokka halv fem.

Det vart sendt inn røykdykkarar i huset for å sjekke om nokon var der, men det synte seg at huset var tomt.

Huset har fått ein del røyk- og vasskadar etter brannen.

Brannen vil bil etterforska av Bremanger lensmannskontor.