Hopp til innhold

Vik og Sogn brann og redning møtest måndag for å drøfte løysingar

Sogn brann og redning og Vik kommune skal måndag møtast for å sjå på moglege løysingar etter at kommunen manglar ni brannkonstablar når den nye brannordninga trår i kraft 1. mai.

Skartun og Vik kommune

TRUR PÅ LØYSING: Styreleiar Jarle Skartun har tru på at ein kjem fram til ei løysing både for Luster og Vik kommune. I midten ser ein bilete frå då Hopstock hotell brann ned i mai i 2010, til høgre Vik kommune.

Foto: Bjørn Sæbø/Ingrid Elina Røyrvik / NRK

– Vi har utfordringar med å få på plass ny brannordning frå 1. mai i Luster og Vik. Vi har fått ei grundig orientering frå brannsjefen om dette, seier styreleiar i Sogn brann og redning, Jarle Skartun.

Den nye brannordninga i dei fem kommunane som Sogn brann og redning har ansvar for, vart vedteken i fjor.

Både i Vik og i Luster har den nye ordninga ført til store reaksjonar, og over halvparten av brannkorpset i Vik har sagt klart ifrå om at dei ikkje ønskjer å halde fram i ny ordning.

Ingen har søkt utlyste stillingar

Den nye ordninga som skal trå i kraft 1. mai betyr i praksis at beredskapen på helg vert halvert i Vik, dei går frå fire mann på vakt til to.

Trass i at dei ni ledige stillingane har vore lyste ut, har ingen så langt bite på agnet. Difor kom saka opp som orienterings- og drøftingssak på torsdagens styremøte.

– Når det manglar folk så er det eit spørsmål vi må jobbe med, seier Skartun.

Knappe tre veker før den nye ordninga skal ta til, leitar ein no med lys og lykte etter ei løysing.

– Vi må ha ein aktiv prosess med dei det gjeld. Vi har også avtalt ein prat med Vik kommune måndag. Og så finst det ulike verkemiddel som vi må vurdere, seier Skartun.

Fleire moglege løysingar

Ei løysing kan vere å utsetje datoen for iverksetjing av den nye ordninga. Ei anna løysing kan vere at brannsjef Johnny Skjerping nyttar seg av det som kallast utskriving, at han beordrar folk ut.

– Vi prøver å få ein rask prosess framover for å avklare kva moglegheiter vi har, seier Skartun.

– I Vik kjem bemanningsproblema i kjølvatnet av at brannkonstablane reagerer på at beredskapen vert svekka. Kan det vere aktuelt å be Vik gjere nytt vedtak om brannordninga?

– Det vil sjølvsagt bli vurdert fleire element på nytt, når ein har komme opp i ein slik situasjon. Vi startar no drøftingar for å sjå på ulike alternativ, seier Skartun.

Står for den faglege vurderinga

– Vi er pliktige til å også ha beredskap i Vik etter 1. mai som vi kan forsvare som tilstrekkeleg, seier Skartun.

Då Vik kommune vedtok den nye brannordninga valde dei å sjå vekk i frå tilrådinga i risiko- og sårbarheitsanalysen (ROS) som tilsa at dei burde halde fram med dagens beredskap. I staden valde kommunestyret å gå for ei løysing som gav halvert beredskap i helga.

– Kva er din kommentar til det?

– ROS-analysen er eitt innspel. Her er gjort ei samla fagleg vurdering som brannselskapet har gått god for, og det må vi stå for, seier Skartun.

– Er det godt nok?

– Det er fleire element som summerer seg opp i ei brannordning, og det vedtaket som er gjort har selskapet gått god for, seier Skartun.

Er trygg på at det vert ei løysing

– Korleis følest det å sitje som styreleiar når ein er komen i ein situasjon der ein vil mangle eit tosifra tal brannmenn om tre veker?

– Vi har etablert eit felles selskap, og vi var førebudde på at nye brannordningar ville vere krevjande på ein del område. Dei situasjonane vi kjem opp i må vi takle på ein best mogleg måte, og selskapet vårt er godt rigga for det. Så får vi ta det derifrå, seier Skartun.

Han har tru på at dei finn ei løysing.

– Det er eg trygg på, seier Skartun.