Frå 1. mai overtek Nettbuss express Nordfjordekspressen og Sogn og Fjordane-ekspressen, og ei av endringane dei set i verk er å prioritere dei passasjerane som har kjøpt billettane på nettet, både i form av garantert plass og med rimelegare billettar.
- LES OGSÅ:
Men det er framleis mange eldre som ikkje har nettilgang og som kvir seg for å ta i bruk nettet. Samstundes er det mange eldre som brukar ekspressbussrutene.
– Dette beklagar eg sterkt
Jostein Midtbø synest lite om det som skjer.
– Eg reagerer på at billettar kjøpte på netter får prioritet og blir billegare. Eg representerer ei stor gruppe, og eg er overtydd over at mange pensjonistar blir skuffa når dei høyrer dette. Dette beklagar eg sterkt.
Marknadssjef Svein Arne Vik i Nettbuss seier at dei opprettar eit kundesenter med hjelpetelefon 05070 for dei som slit med å finne fram på nettet. Der kan dei anten få hjelp til sjølv å kjøpe billett, eller dei kan bestille billetten via kundesenteret.
– La oss seie at ei eldre dame som ikkje har kjøpt billett på nettet møter opp på ein haldeplass, og bussen er full. Kan ho risikere å ikkje kome med?
– Reint teoretisk kan det skje, men vi tek ikkje vekk billettmaskina på bussen, og vi skal iallfall i ein overgangsperiode ta med ho dama.
Tek saka opp i pensjonistforbundet
Men Jostein Midtbø kjem til å ta saka opp på styremøtet i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane komande måndag.
– Eg synest det er leitt at dette skjer nær sagt over hovudet på ei stor gruppe bussbrukarar. Og dersom det skulle skje at folk blir ståande att fordi dei ikkje har kjøpt billett på nett så er det veldig trasig.
NOR-WAY Bussekspress, som har drive rutene til no, har ein plassgaranti som tilseier at dei set opp ekstrabuss dersom det er fullt. Vik lovar at det også i framtida kjem til å bli sett opp ekstrabussar.
– Vi vil bruke historikken som fortel oss når det er trong for ekstra kapasitet, og då vil vi sette opp ekstrabussar. Og kjøper du billetten på nett har vi mykje større sjanse til å lese behovet for ekstramateriell.
Billegbillettar på nett
Nettbuss express kjem til å ha eit stort spenn i prisane sine, og dei som kjøper på nett vil få dei rimelegaste billettane. Prisen på ein billett mellom Førde og Oslo vil variere mellom 499 og 699 kroner, fortel Svein Arne Vik.
– Enkelte dagar veit vi av erfaring at det er langt færre folk ute og reiser, og då vil vi tilby billegare billettar. Og dei fleste vil få ein billegare billett enn det som er fast pris i dag, 653 kroner mellom Førde og Oslo.
Men det gjeld ikkje dei som ikkje har kjøpt på nett, for desse vil prisen framleis vere 653 kroner, uansett dag.
Slutt på te og kaffi
Ei anna endring som skjer 1. mai er at det ikkje lenger kjem til å vere te- og kaffiautomat i bussane. Vik grunngjev det med omsyn til tryggleiken. Han viser til uhell på Sørlandet der ein passasjer som gjekk med varm drikke i midtgangen vart skadd.
Vik presiserer at det ikkje blir endringar for dei som reiser innan Sogn og Fjordane, det vil seie at både start- og endepunktet er innanfor fylkesgrensene.