Hopp til innhold

Stadig fleire jobbar i vegvesenet

Tal tilsette i Statens vegvesen region Vest har auka med 30 prosent dei siste ti åra.

Ordførarar møtes midtveges på Dalsfjordbrua.

TRENGST FLEIRE TILSETTE: Store vegprosjekt som Dalsfjordsambandet har ført til stor auke i talet på konsulentar og tilsette i vegvesenet.

Foto: Birger Meland / NRK

Samstundes har etaten hatt sterk vekst i bruk av konsulentar. Administrasjonssjef i Statens vegvesen region vest, Einride Horstad, seier årsaka er vekst i aktiviteten.

– Vi har om lag 50 prosent auke i omsetnaden vår i dag samanlikna med 2005. Berre siste året har vi ein auke på nesten 30 prosent. Det er i form av investeringar og drift av vegnettet, seier han.

Det er store prosjekt som Hardangerbrua i Hordaland og Fjalersambandet i Sogn og Fjordane i tillegg til oppgraderinga av Europaveg 39 gjennom Vestlandet som krev stadig fleire tilsette.

  • LES OGSÅ:

Store auke i konsulentbruk

Horstad seier dei også aukar ressursbruken på trafikktryggleik. I 2003 arbeidde det i overkant av 900 personar i vegvesenet. No er talet kloss opp i 1200. Samstundes brukte vegvesenet på landsbasis 2,4 milliardar kroner på konsulentar i fjor.

Det er rett at vi også har ei stor auke i konsulentbruken. Årsaka er omsetnadsveksten som vi ikkje klarer å handtere internt hos oss.

Meiner politikarane må ta ansvaret

Ole Gunnar Krakhellen

Samferdslepolitikar Ole Gunnar Krakhellen seier det er stadig fleire politiske krav til planprosessar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Samferdslepolitikar Ole Gunnar Krakhellen meiner politikarane sjølve må ta ansvaret for stadig meir byråkrati. Han seier stadig fleire politiske krav til planprosessar fører til både mange tilsette og konsulentar.

– I utgangspunktet høyrest 30 prosent ganske mykje ut. Samstundes ser det ut til å vere ei byråkratisering i heile landet. Det er også eit politisk ansvar å passe på at vi dei best fornuftige planprosessane, seier Krakhellen.