Hopp til innhold

Årbok nummer 20 er klar

I år er det 20 år sidan Atle Hellevik i Holmedal starta Alden forlag og gav ut Årboka for Sogn og Fjordane for første gong.

Torkjell Djupedal (t.v) og Torbjørn Rørvik

DEN FØRSTE OG DEN SISTE: Torkjell Djupedal (t.v.) med Årboka for 1993 og Torbjørn Rørvik med Årboka for 2012.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Saman med Henning Rivedal heldt Hellevik på med dette årlege prosjektet fram til 2008. Då tok Selja forlag over. Og no er årboka for 2012 klar.

Redaktør er Torbjørn Rørvik,og han seier det er ein viss skilnad på den første boka og den som no er i sal.

– Det er klart at 20 år i denne bransjen med stor teknologisk utvikling gjer at det er stor skilnad i presentasjonen. Innhaldet er nok på mange måtar likt. Det er "the best of" lokalavisene i fylket no som då.

Dei siste åra har dei plussa på med ein faktadel og ein sportsdel, ikkje så ulikt Hvem Hva Hvor.

– Det er naturleg å trekkje den samanlikninga, for du finn mykje spennande statistikk i faktadelen, mellom anna kva slags vin vi drikk i Sogn og Fjordane.

Av hendingar i 2012 trekkjer Rørvik fram opninga av kunstmuseet i Førde, opninga av Kvivsvegen og havariet til fiskebåten «Kamaro» frå Ervik Havfiske ved Bjørnøya.

Tek eitt år om gongen

Sjefen i Selja forlag, Torkjell Djupedal, har ikkje tenkt så mykje på kor lenge ei slik årbok har livets rett.

– Vi tek eitt år om gongen. Det er klart at ei årbok er ein litt traust sjanger i vår tid med så mange skjermar. Men nettet blir ofte litt fragmentarisk, vi vel å tru at ei oppsummering som ei slik bok gjer ein jobb med å plukke ut det som var vesentleg i året som gjekk.

Han trur at årbøkene faktisk kan bli meir interessante etter som åra går.

– Når vi blar i 1993-utgåva så er det både underhaldande og interessant å sjå kva som skjedde, vi gløymer fort.

Men salet av årbøkene har gått ned dei siste åra, og Djupedal er oppteken av at dei må fornye seg om dei skal halde fram med å gje ut årboka