Hopp til innhold

Ekspressbussar i ny ham

Frå 1. mai skal bussane til Nordfjordekspressen og Sogn og Fjordane-ekspressen inn under eit nytt merkenamn - Nettbuss express.

Nettbuss express

NYE FARGAR: Slik skal ekspressbussane til Nettbuss sjå ut.

Foto: Nettbuss

Dette erstattar samarbeidet med NOR-WAY Bussekspress, fortel marknadssjef Svein-Arne Vik i Nettbuss i ei pressemelding.

– Vi tek eit sjumilssteg for å posisjonere oss i forhold til våre passasjerar og ikkje minst privatbilismen. Vi samlar ekspressbussrutene våre til eitt skandinavisk ekspressbussnettverk.

For i tillegg til Oslo vil byar som Göteborg, Malmö og København vere med i nettverket. Nettbuss express reknar med å frakte rundt 700.000 passasjerar i Norge kvart år.

Vik fortel at passasjerane no kan fylgje med på nettet kvar bussen er og dermed ta høgde for eventuelle forseinkingar. Og dei som reiser med bussen har tilgang til gratis internett.