Hopp til innhold

Nortømmer satsar i Nordfjord

Det private tømmerselskapet Nortømmer tek opp konkurransen om å kjøpe tømmer frå skogeigarane.

Knut Esbjørnsen (t.v.) og John Olav Lefdal

SATSAR PÅ TØMMER: Driftsansvarleg Knut Esbjørnsen (t.v.) i Nortømmer og eigar av Løkjaneset, John Olav Lefdal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Orkanen Dagmar har sidan i fjor gjort at skogsentreprenørane i Sogn og Fjordane har nok å gjere. Dette vil Nortømmer vere med på.

No satsar dei på storstila utskiping frå industriområdet på Løkjaneset i Eid. Driftsansvarleg Knut Esbjørnsen i Nortømmer seier dei ynskjer å vere eit alternativ til det som er dagens tilbod til skogeigarane, og han lovar at det no blir konkurranse.

– Det er sikkert. No får skogeigarane fleire å velje mellom.

– Supplement til skogeigarlaget

Nortømmer har vore aktive i Sogn ei tid og har der teke ut bortimot 70.000 kubikkmeter. No satsar dei på Nordfjord.

– Nortømmer skal dekke heile Norge, vi har prøvd å arbeide oss systematisk oppover heile kysten for å finne kaiar der vi kan få god og effektiv logistikk. Det er ei utfordring, men no har vi vore heldige og funne ein kai her i Eid. Dette har vi tru på at vi skal få til.

Esbjørnsen avviser at dei er ute etter å utkonkurrere skogeigarlaget.

– Absolutt ikkje, vi er eit supplement til skogeigarlaget. Vi er ein forholdsvis proff aktør, og eg trur heile skognæringa vil ha glede av at vi er på plass i Nordfjord, kanskje kjem vi og til å satse på Sunnfjord.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tidl. Eid Verft på Løkjaneset i Eid

BLIR TØMMERKAI: Det tidlegare verftsområdet på Løkjaneset.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fekk telefon i førre veke

Det er John Olav Lefdal som eig det tidlegare verftsområdet på Løkjaneset, der Eid Verft i si tid bygde skip. Han eig fleire firma og driv innan fleire bransjar, no får dei endå eit bein å stå på.

– Eg var så heldig at eg fekk kjøpe Løkjaneset for seks år sidan til ein hyggeleg pris. Vi har fått etablert ein betongfabrikk der, vi har prøvd oss på skipsbygging, det var ikkje så lett, vi skal lagre båtar der, no er det 100 italienske kraftlinjearbeidarar som held til der i kanskje to år til.

– I førre veke fekk eg telefon frå ein skogeigar som lurte på om kaien kunne vere tilgjengeleg for utskiping av tømmer. Eg sa at det er ein tømmerkai nokre hundre meter lengre ute, men der fekk eg vite at kapasiteten er sprengd.

Vil byggje større kai

Dermed sa Lefdal ja til å stille kaien til rådvelde, og i dag vart han og Esbjørnsen samde om ein avtale. Lefdal legg seg 20 prosent under det som er gjeldande pris for utskiping av tømmer.

– Dermed bidreg eg til at vi får utskipa størst mogeleg kvantum, og så har skogeigarane endå ein grunn til å samarbeide med Nortømmer, som er den mest proffe aktøren i Norge innan skogsdrift.

No opnar John Olav Lefdal for å byggje ein 300 meter lang kai for å kunne ta imot større skip som kan frakte tømmer heilt til Asia. Då kan han og få bygt opp ein stor containerterminal.

Tømmerkai på Stårheim

BERRE NOKRE HUNDRE METER UNNA: Tømmerkaien på Naustdal i Eid.

Foto: Ottar Starheim / NRK