Hopp til innhold

Frå rekordtidleg til rekordsein potetsetjing i Lærdal

I fjor vår fekk potetbøndene i Lærdal setje potetene rekordtidleg. I år er situasjonen snudd på hovudet.

Setjing

REKORDTIDLEG: I fjor fekk dei byrje å setje tidlegpotetene i mars. I år er dei ikkje like heldige. Biletet er teke under potetsetjinga i fjor. T.h. Olaug Skjerdal.

Foto: Birger Meland

Nær halvveges i april har bøndene i Lærdal framleis ikkje fått byrje på potetsettinga.

Det står i sterk kontrast til fjorårets situasjon då kulda byrja å sleppe taket i mars, og bøndene fekk gå i gang med arbeidet tidlegare enn vanleg.

– I fjor fekk me byrje rekordtidleg, men i år går det nok langt ut i neste veke før me får sett dei i jorda, seier leiar Knut Eltun i potetutvalet i Lærdal grønt.

Djup tele

Årsaka til at bøndene i Lærdal ligg etter er den kalde vinteren som framleis held taket i bakken. Til helga ser det derimot lysare ut for potetbøndene.

Meteorolog Anne Mette Olsen ved Meteorologisk institutt kan nemleg fortelje at me på sundag kan vente oss eit vêromslag, så vil du ha sol, må du nyte den fram mot helga.

– Ja, det ser ut som det kan komme litt regn på sundag, men kor mykje er usikkert. Me kan i det minste vente oss varmare og meir overskya vêr, seier Olsen.

Samanlikningar for Bergen i mars månad viser at dette har vore den tredje tørraste vinteren sidan dei starta med målingane for 150 år sidan.

– Det er definitivt ikkje normalt at det er så tørt, men det er ikkje ekstremt heller, seier ho.

Få konsekvensar

I Lærdal er bøndene glade for vêromslaget, men trur ikkje den søraustlege vindretninga vil føre med seg dei store nedbørsmengdene enno. Eltun håpar no på å få byrje med potetsettinga over helga.

– Eg har vel neppe sett tidlegpoteter seinare enn rundt 12.-13. april, så i år vert det nok det seinaste eg har sett poteter, seier Knut Eltun.

Trass i at bonden i Lærdal kjem seinare i gang med potetsettinga i år, betyr ikkje det nødvendigvis at avlinga lir under dei store forseinkingane.

– I år må me nok rekne med ei veke seinare enn i fjor, dersom me får dei i jorda i neste veke, seier Eltun.

Varmare vêr

Sjølv om dei fekk byrje tidleg i fjor, førte dårleg vêr i april til at avlinga ikkje var klar tidlegare enn vanleg. Eltun håpar varmare vêr i tida framover vil hjelpe årets tidlegpoteter, trass sein setting.

– Dersom vêret blir betre i april og mai, vil det rette opp mykje, seier potetbonden.

Potetbonden set ikkje så høge krav for vêret framover.

– Me håpar sjølvsagt det skal komme lite grann nedbør, og at nattetemperaturen vil ligge eit stykke over null. Då er me nøgde, avsluttar han.