Hopp til innhold

NRK orsakar bildebruk i sak om pels

NRK Sogn og Fjordane orsakar bildebruken i ei tv-sak vist i Vestlandsrevyen tysdag 9. april frå garden til pelsdyroppdrettar Finn Årdal i Jølster.

Negative medieoppslag har ført til at fleire parti vil forby pelsdyroppdrett.
No prøver næringa å overbevise politikarane om at pelsdyrfarmane har livets rett...

SJÅ TV-SAK: Det kom ikkje tydeleg nok fram i TV-saka på Vestlandsrevyen tysdag at arkivbilete frå skadde dyr ikkje hadde noko med garden til Finn Årdal. Det er tydeleggjort i denne versjonen.

I reportasjen frå Jølster er politikarar frå Arbeidarpartiet på besøk på pelsdyrgarden til Finn Årdal. Ap og fleire andre parti vil forby pelsdyroppdrett, og næringa forsøker no å overtyde politikarane om at det er feil.

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen

ORSAKAR: Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter besøket på Jølster seier fylkesleiar Nils Støyva i Ap at dei er usamde med sitt eige moderparti om framtida til pelsdyrnæringa. Men fylkesleiaren i Auf, Maria Hovland Faye, var kritisk før besøket og kritisk etter besøket. Dei vil leggje ned næringa.

I reportasjen blir det vist bilde av skadde dyr tekne av organisasjonen ”Nettverk for dyrs frihet”.

Det kjem ikkje fram i saka at bilda er tekne på andre gardar, og ikkje på pelsdyrgarden til Finn Årdal. Bilda har ingenting med garden til Finn Årdal å gjere.

NRK Sogn og Fjordane beklagar for bildebruken.