Hopp til innhold

Har du høyrt om denne valutaen?

Dollar, Euro, Kroner, Yen, Rublar og Pund er kjende valuta for dei fleste av oss. Men har du høyrt om valutaen Bitcoin?

Svein Ølnes og kroner

NY VALUTA: Svein Ølnes kjøpte i fjor Bitcoin for 150 kroner. I dag er dei verd 2.900 kroner.

Foto: Fotomontasje: Rainer Prang (NRK)/Vestlandsforsking

Medan mange valutaer slit om dagen, så går det som det susar for den digitale valutaen.

Dei virtuelle pengane, Bitcoin (BTC), vart i 2009 etablert for pengetransaksjonar over internett.

– Bitcoin er ein heildigital valuta. Det vil seie at den berre eksisterer som digitale signal. Men stadig fleire brukar Bitcoin og stadig fleire aksepterer det som betalingsmiddel for varer og tenester, seier Svein Ølnes ved Vestlandsforsking.

Dobla verdi

Forskaren er litt fascinert over valutaen, og har hatt den som tema på sin eigen blogg. I tillegg har han skrive kronikk om temaet for NRK Ytring .

Kort fortalt eksisterer Bitcoin, som enkelte har døypt til monopolpengar, berre som betalingsmiddel på Internett. Men rike investorar og profesjonelle forvaltningsselskap har ifølgje Financial Times kasta seg over valutaen. Noko som resulterte i dobla verdi på berre to veker.

– Valutaen er verdsomspennande og høyrer til berre internett, ingen land eller stat. Det er det som er litt fascinerande med valutaen, seier Ølnes.

20 gonger verdien

Fascinasjonen til Ølnes gjorde at han i januar i fjor kjøpte Bitcoin for 150 kroner. Med den veldig verdistiginga er desse no verd nær 3.000 kroner.

Truleg er det finanskrisa og svekka tillit til finansinstitusjonar som har auka interessa for den digitale valutaen. Den totale Bitcoin-økonomien vart i november i fjor verdsett til 122,3 millionar dollar.

– Det vi ser no, når verdien på Bitcoin har auka dramatisk, så har dei som oppfattar andre valuta som usikre, flytta pengane over i Bitcoin, som dei oppfattar som sikrare enn euro og dollar, seier Ølnes.

21 millionar i 2140

Forskaren seier heile Bitcoin-systemet er styrt av programvare og kode, og at det ikkje er noko ein kan gjere for å auke pengemengda. For den er bestemt.

I løpet av år 2140 skal det vere produsert 21 millionar BTC, som er det endelege talet. Ikkje meir, og ikkje mindre. Over 85 prosent vil vere frigjort innan 2020.

– Det er ikkje noko ein kan gjere for å auke pengemengda, i motsetnad til stadar som kan trykkje opp meir pengar og då kan få inflasjon, seier Ølnes.

Fleire vil bruke Bitcoin

Sjølv om valutaen er internettbasert, reknar ikkje forskaren Bitcoin som sikrare enn meir vanleg valuta.

Ifølgje Wikipedia vart valutaen laga av Satoshi Nakamoto, men dette er eit pseudonym for personen, eller personane, bak valutaen. Ølnes trur fleire vil nytte seg av Bitcoin om finanskrisa held fram.

– Men sjølvsagt har den nokre problematiske sider den også. Og ein kan bli utsett for innbrot. Du kan miste pengar, seier han.