Hopp til innhold

På reint eventyr i Nordfjord

To skular set no i gang med ekspedisjonar der folk kan få gode turopplevingar i Nordfjord.

Hallgeir Hansen (t.v.) og Arve Sandal

TURLEIARANE: Hallgeir Hansen (t.v.) og Arve Sandal.

Det er Firda vidaregåande skule og Nordfjord folkehøgskule som går saman om å tilby segling, padling, brevandring, toppturar og historisk påfyll komande sommar.

Turleiarar blir rektor Hallgeir Hansen på Firda vidaregåande skule og Arve Sandal, som har skrive boka «Reint eventyr».

Vingen-feltet - helleristing

KULTURHISTORIE: Ekspedisjonen skal innom Vingen i Bremanger.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det startar på helleristingsfeltet Vingen i Bremanger, der deltakarane får eit møte med steinalderkulturen, men Hallgeir Hansen lovar deltakarane stor variasjon i opplevingane.

– Vi skal ha folk med på eit eventyr i Nordfjord. Vi skal bruke båt, vi skal gå over Ålfotbreen, vi skal padle innover Gloppefjorden. Det blir ein tur med eit stort spekter og i fantastiske omgjevnader.

– Månelandskap eller kunstutstilling?

Sandal og Hansen var på tur i området for eit par år sidan, og det dei opplevde var så stort at dei no vil dele det med andre. Sandal meiner turen frå havkanten over breen og inn til Gloppen er noko av det beste naturen vår kan by på.

– Fjellområda rundt Ålfotbreen og breen i seg sjølv er noko av det mest spesielle vi har her i Sogn og Fjordane. Eg brukar å seie at her har havbårene gått på land og størkna og lagt seg som eit foldeskjørt rundt dette området.

– Når eg går der er eg i stuss om det er eit månelandskap eller ei kunstutstilling, kanskje er det begge delar, det er veldig flott.

Bortnen sett frå Hornelen

FLOTT OMRÅDE: Utsyn frå Hornelen mot Bortnen og Ålfotbreen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Stunder som varer

Hallgeir Hansen seier at dei tilpassar turen etter deltakarane og at folk difor ikkje treng vere fjellrevar som han sjølv for å vere med.

– Vi startar på havnivå og er oppe i 1400 meters høgde. Det er eit bra kupert terreng, og det er nokså krevjande å ta seg fram, så det er ein fordel å gå med folk som er kjende.

Arve Sandal seier at turen gjorde eit stort inntrykk på han då han gjekk der for to år sidan.

– Det er slike stunder som varer, eg har dei djupt inni meg og tek dei fram og gler meg over dei, særleg når det røyner på. Det var sterkt og mektig og flott. Når ein då får med seg Hornelen og helleristingane i Vingen, så blir det ei kulturhistorisk reise.