Hopp til innhold

Slik vert årets Førdefestival

Når årets Førdefestival vert arrangert 4.-7. juli er musikk og natur naturleg vove i hop. Festivalen ønskjer å syne korleis naturen har inspirert musikktradisjonar over heile verda.

Majorstuen

MAJORSTUEN: Skal framføre tingingsverket Kvitre.

Foto: Pressefoto

Førdefestivalen er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i landet, og på festivalen i år kan publikum velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer.

I år byr Førdefestivalen på alt frå Spellemannsvinnar Ottar Kåsa og Gabriel Fliflet sitt tretakts Valseria-verk, til ørkenblues frå Mali og eit futuristisk balkan-bryllaupsband frå Ungarn. Med utgangspunkt i naturen, tek festivalen i bruk både byen og landskapet rundt som konsertarenaer. –”Natur og Musikk!

– Omgjevnadane påverkar korleis vi opplever og oppfattar musikken. Så i år vil vi til fulle utnytte at Førde ligg midt i eit naturparadis med fjell, fossar, vatn og brear på alle kantar”, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

I tillegg til dei mange små og store konsertsalane i hovudarenaen Førdehuset, inviterer festivalen til konsert i eit nedlagt skipsverft, i ei gamle skulestove, i utebarnehagar, i ein park, på ein fjellgard, i kyrkja, på gardstun, i museumsstover og på Hafstadfjellet, 706 m o h.

I idylliske omgjevnader på Rytne Gard, ved foten av majestetiske Storehesten i Bygstad, kan publikum til dømes nyte dei vakraste vest-afrikanske rytmar, frå den fargerike duoen Malick Pathé Sow & Bao Sissoko.

Ørkenblues på elvebreidda

I samarbeid med Festival au Désert presenterer Førdfestivalen to grupper frå eit krigsråka Mali. Under dei frodige trea på Festplassen får du oppleve ørkenblues av beste merke med Afel Bocoum & Alkibar.

Afel Bocoum har to store inspirasjonskjelder: Onkelen, legendariske Ali Farka Touré, og elva Niger! Namnet på bandet hans, Alkibar, tyder «bodsendaren frå den store elva», så det vart heilt naturleg å legge konserten deira elvebreidda ved Jølstra.

Frå Mali kjem også den kvinnedominerte gruppa, Tartit, som oppstod på 90-talet i ein flyktningleir i Burkina Faso.

Norgespremiere for spansk flamencostjerne

Fredag 5. juli står flamencofenomenet Maria Pagés på ei norsk scene for første gong - i Førde. María Pagés frå Sevilla har vunne eit vell av prisar som dansar og koreograf. Det er berre å glede seg til sjå sjå 8 flamencodansarar og 4 musikarar i aksjon.

– Dette er den største profesjonelle danseproduksjonen som nokon gong har vore vist på festivalen. Det er eit skikkeleg løft for oss, fortel Bjørkum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kartellet

KARTELLET: Skal spele i ei nyrestaurert skulestove i Angedalen.

Foto: Pressefoto

Gjensyn med Den vesle prinsen

Etter sju år på turné, vert det gjensyn med Den vesle prinsen i Førde, der det heile starta. Med folkemusikkversjon av det populære franske stykket, vann Sigurd Aae Klausen manuskonkurransen i regi av Førdefestivalen og Sogn og Fjordane Teater i 2006.

Etter å ha vist stykket 200 gonger sidan urpremieren i 2006, set Gro Marie Svidal, Ulf Arne Johannessen og Tom Karlsrud endeleg punktum med to framsyningar i Førde.

Norske toppnamn på plakaten

I den intime Husstova på Sunnfjord Museum inviterer festivalen til midnattsmøte med Spellemann-vinnar Ottar Kåsa og i ei nyrestaurert skulestove på Furebø i Angedalen, får publikum oppleve Kartellet, Sigurd Johan Heide si interaktive danseframsyning som har hatt stor suksess mellom anna på Kalottspelet.

Majorstuen skal framføre tingingsverket Kvitre, Berit Opheim har festivalen sin mest eksklusive konsert på Futegarden på Bruland. Gabriel Fliflet, med mellom andre Susanne Lundeng på laget, kjem med sitt Valseria-verk.

Unni Boksasp og Unni Løvlid er dei norske stemmene i produksjonen «Stemmerett og stemmeprakt» som er Førdefestivalen sin hyllest i høve Stemmerettsjubileet. Sist, men ikkje minst har festivalen sikra seg ei av norsk folkemusikk sine førstedamer, Annbjørg Lien, som konferansier på festivalen sin gallakonsert laurdag kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

MalikBao

MALIKBAO: Fargerike rytmar.

Foto: Pressefoto

Samarbeid med Roskilde

Førdefestivalen samarbeider med Roskilde i Danmark for å få spennande verdsmusikkartistar til Norden.

– Samarbeid med andre festivalar er viktig. Gjennom nettverket European Forum of Worldwide Music Festival utvekslar vi idear og erfaringar med alle dei store verdsmusikkfestivalane i Europa. I år har vi tre artistar på plakaten i Førde som også spelar på festivalen i Roskilde, fortel direktør Hilde Bjørkum.

Den etiopiske trioen Krar Collective er ifølgje engelske The Guardian, det heitaste innan musikk frå det afrikanske kontinentet akkurat no.

Krar Collective er ei av fire grupper som spelar på den populære Festivalnatta laurdag 6. juli. Qawwali-brørne Meher & Sher Ali frå Pakistan reiser rett til Roskilde etter konserten i Førde. Dei er rekna som dei fremste arvtakarane etter qawwali-legenden Nusrat Fateh Ali Khan (1948-97).

Den tredje gruppa i årets Roskilde-Førde-samarbeid, er ungarske Söndörgö. Med tette og uimotståelege rytmar frå den ungarske landsbygda har dette glitrande seksmannsbandet vorte ein stor hit på verdsmusikkscena.

Frå Ungarn kjem også det futuristiske balkan-bryllaupsbandet Besh o DroM som på utekonserten fredag 5. juli serverer festmusikk utan sidestykke. På same utekonsert vert det også gjensyn med dei kanadiske yndlingane Le Vent du Nord, som har gjort folkemusikk frå Quebec til allemannseige. Dei to sistnemnde spelar berre i Førde!

Tascabeat, cajun og pagode

Portugal er meir enn fado. Det er også tascabeat, den livlege blandinga av bossa og fado som kjem frå barane og kafeane (tascaene) i Lisboa.

Tascabeat blir meir og meir populær i Europa, ikkje minst takka vere OqueStrada, som også var å sjå på Nobelkonserten 2012. I sommar er OqueStrada tilbake på norsk jord, og kan opplevast i Førde søndag 7. juli.

Cajun frå Louisiana er ein annan sjanger på Førdeprogrammet i år. Sarah Savoy kjem frå den legendariske cajunfamilien Savoy i USA.

Saman med bandet sitt the Francadians byr ho på heftig frankofil cajun, musikken som dei franske kolonistane dyrka fram på 1700-talet. Sarah Savoy er også ein habil kokk, og på festivalen sin siste dag, kombinerer ho sine to lidenskapar – og lagar cajunmat til publikum på konserten.

Pagode er ein av fleire sambaformer i Brasil; ein undergrunn-samba, som no opplever stor popularitet på det europeiske kontinentet.

Roda do Cavaco er ei av få grupper som dyrkar den opprinnelege pagodaen, og kjem til Førde med ein musikk som er fylt til randen med gateslang og massiv rytme.

Oversikt over dei norske artistane:

Annbjørg Lien & Roger Tallroth NO SE |Karl Seglem NO | Susanne Lundeng NO | Majorstuen NO | Berit Opheim NO | Unni Løvlid & Håkon Thelin NO SE | Gabriel Fliflet og Valseria NO | Unni Boksasp Ensemble NO | Leif Rygg & Knut Buen NO | Kartellet NO | Linda Gytri NO |Ottar Kåsa NO | Kari Malmanger NO | Gro Marie Svidal NO | Ulf Arne Johannessen NO | Tom Karlsrud NO | Elin Grytting NO | Guttorm Andreasen/DJ99 NO | Ferd NO | Indre Sunnfjord Spelemannslag NO | Gaular Spelemannslag NO | Steinar Ofsdal NO | Arild Hoksnes NO m. fl .