Hopp til innhold

Frå kjøkenbenken til kosmetikkhylla

Etter å ha sett seg lei på bleieutslett og kremar som ikkje fungerte, tok Sissel Skjerdal saka i eigne hender. I dag driv ho sia eiga bedrift.

Sissel Skjerdal

GRÜNDER: Sissel Skjerdal tok saka i eigne hender då sonen vart plaga med utslett.

Foto: Privat / Mori of Norway

Det heile starta då ho vart mor for fyrste gong.

– Sonen min fekk eit kraftig bleieutslett og eg prøvde mange forskjellige kremar utan resultat, seier gründaren.

I rein fortviling bestemde ho seg for å prøve å lage sin eigen.

På kjøkenet

Heime på kjøkenbenken i Aurland byrja småbornsmora å mikse saman sine eigne salvar og kremar, på leit etter noko som kunne hjelpe sonen.

– Eg har sjølv hatt ein del problem med allergi, og har difor hatt ein interesse for miljøvenlege produkt. Det var noko av det som fekk meg til å prøve sjølv, seier ho.

Det resulterte i ein krem som fungerte, og etter kvart også til at ho starta sin eigen bedrift. I dag driv ho Mori of Norway, ei forretningsverksemd som produserar og sel svanemerka babyprodukt.

– Eg hadde ein liten tanke i bakhovudet om å starte min eigen bedrift då eg laga kremen, men det skaut ikkje fart før eg vart med i eit prosjekt i samarbeid med Innovasjon Norge, seier ho.

Føretrekk planteolje

– Mineraloljer er veldig mykje brukt i kosmetikk, noko eg personleg meiner at ikkje er gode innhaldsstoff, seier Skjerdal.

Ho valde difor å bytte desse ut med planteoljer, noko ho meiner har gitt resultat.

– Det har tydelegvis ein effekt på hudproblema, sett ut i frå dei tilbakemeldingane me har fått, seier ho.

Sjølv om det no er sju år sidan ho først starta opp, har ikkje den miljøvenlege babysalven seld ubegreinsa. Ho trur det skuldast lite markndadsføring.

– Det har ikkje akkuratt vore den heilt store omsetnanden, men det handlar mest om at eg ikkje har hatt kapitalen til å marknadsføre meg. No har eg derimot byrja å bruke sosiale medier meir aktivt og har allereie byrja å merke forskjell, seier ho.