Hopp til innhold

Turistbåt kom på driv - har politimeldt saka

Søndag morgon låg den 36 meter lange båten «Lykkeper» og dreiv utanfor småbåthamna i Flåm, om lag éin kilometer frå kaien han var festa til. Saka er meld til politiet.

Lykkeper

PÅ DRIV: MS 'Lykkeper', her fotogravert i Gudvangen.

Foto: Maritime Tours A/S

– Det er utruleg at folk kan finne på gjere nokon slikt, seier dagleg leiar i Sognefjorden AS, Stig Johnny Buvik til Sogn Avis.

Det er dei som eig passasjerbåten.

Buvik vart oppringd søndag morgon med beskjed om at båten, som er sertifisert for 185 passasjerar, var på drift åleine. Han trur ikkje båten har lagt ut på eiga hand.

Må ha løyst sju trosser

– Me hadde sikra båten godt sidan han ikkje skulle vera i bruk i påska, seier Buvik til avisa.

Båten var festa med sju trosser, men alle desse var løyste, og dermed la båten ut på eiga hand. Til alt hell var vêret godt.

Glad det ikkje var vind

– Heldigvis var det stilt på fjorden. Viss det hadde vore vind, kunne dette gått langt verre, seier Buvik til Sogn Avis.

Dykkarar skal ned i dag for å sjå om propell og ror er i orden.

– Er det skadar der vil dette bli ei dyr sak, seier Buvik.