Hopp til innhold

Fire menn arrestert etter ran

Politiet har arrestert fire austeuropeiske menn etter det brutale ranet i Aurland i byrjinga av februar.

Innbrot i Aurland

ENDEVENDE HUSET: Fire personar er arresterte etter det brutale ranet i Aurland i byrjinga av februar.

Foto: Atle Gjerløw

Dei to mennene som vart utsette for ranet sat i stova heime og prata då fem maskerte menn kom inn den ulåste døra. Væpna med pistol tvinga ein av dei mennene til å halde seg i stova, medan resten endevende huset.

Politiet hadde få spor å gå etter, men etter intens etterforsking har dei no arrestert fire personar fortel lensmann i Årdal, Magne Knudsen, som har hatt ansvaret for etterforskinga.

– Dei vart arresterte på Sørlandet. Bakgrunnen er særs godt samarbeid med Agder politidistrikt. Vi har jobba med tips og etterretning i tett samarbeid med Agder, seier Knudsen.

Pistol mot hovudet

Per Winjum opplevde marerittet då han vart utsett for ranet i sin eigen heim natt til søndag 3. februar. Saman med ein kamerat vart teipa over munnen og hendene bak ryggen medan ranarane gjekk gjennom huset.

– Dei hadde to pistolar og hette over hovudet. Dei hadde også hanskar og var nok profesjonelle. Ein av dei sat her med oss medan dei andre endevende huset. Vi hadde ein pistol mot hovudet og vi måtte sitje heilt i ro, fortalde Winjum til NRK.no etter hendinga.

Dei fem mennene fekk med seg gull og pengar, og Winjum vart også tvinga til å låse opp safen.

– Det gjekk ei stund før vi fekk ringt til lensmannen. Vi kom oss lause ved hjelp av ein kniv på kjøkkenet. Vi hjelpte kvarandre med å komme oss laus, sa Winjum til NRK.no.

Står bak innbrotet på skulen

Politiet bad etter ranet om tips frå publikum, og har jobba i snart to månader med å få hol på saka. Knudsen seier til NRK.no at dei arresterte har bevega seg over store område over tid.

– Er dei såkalla omreisande kriminelle?

– Ja, seier Knudsen.

Lensmannen seier politiet har knytt dei fire mennene til andre brotsverk, mellom anna innbrot på fleire skular på Sørlandet. Politiet har også knytt dei fire mennene til innbrotet på Aurland barne- og ungdomsskule i oktober i fjor.

Der forsvann både datamaskiner, diverse kamerautstyr og kontantar.

– No sit dei i varetekt, og dei blir framstilte for retten i byrjinga av april, seier Knudsen til NRK.no.

Han er svært godt med politiarbeidet som har blitt lagt ned, både med sikring av bevis på åstadane og etterforskinga vidare.

– Eg synest dette har vore svært godt politiarbeid. Det var godt jobba på begge åstadane, der det vart sikra naudsynte bevis. Eg er dessutan takksam for alle tips vi har fått frå publikum, seier Knudsen.