Hopp til innhold

Forskar meiner tunge passasjerar bør betale meir når dei skal ut å fly

Tunge passasjerar bør betale meir for flybillettane enn folk som er lettare. Det meiner økonom og forskar ved Høgskulen i Sogndal, Bharat Bhatta.

Flykabin

FORSKJELLIG PRIS: Forskar Bharat Bhatta meiner tunge passasjerar må betale meir for flybilletten enn lette.

Foto: ScanStockPhoto

Passasjerane si vekt er med å avgjere kor mykje drivstoff eit fly brukar, og slik det er i dag blir prisen for overvektige passasjerar fordelt på alle passasjerane.

Når ein som veg 50 kilo betaler det same for ein flybillett som ein som veg 100 kilo, betyr det eigentleg at dei lette betaler deler av billetten for dei tunge.

Transportøkonomen meiner dette er verken kostnadseffektivt eller rettferdig.

– Dette er ikkje rettferdig, seier Bhatta til NRK.no.

Lett, normalt og tung

Bhatta har sett på konsekvensane av å innføre ein slags «overvekt-skatt». Forskingsresultatet står på trykk i tidsskriftet Journal og Revenue and Pricing Management.

Forskaren meiner dagens ordning burde endrast, slik at det er dei som faktisk er tunge som betalar meir.

I artikkelen skisserer han tre moglege løysingar. Den eine er at passasjerane betaler ein kilopris for billetten. Dermed vil altså lette personar betale mindre enn tunge.

Det andre er at ein tek utgangspunkt i ein fastpris, før ein deretter gir passasjerane ein fordel eller ein ulempe alt etter som dei skil seg ut positivt eller negativt i forhold til vekt.

Det tredje alternativet er å dele billettprisane inn i tre vektklassar; lett, normalt og tung, skriv Dagbladet.

Bhatta meiner forslaget hans er gjennomførbart.

– Eg meiner dette er praktisk mogleg å gjennomføre, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magefett

FLEIRE ALTERNATIV: Forskaren listar opp tre moglege løysingar, blant dei ei ordning der ein deler billettprisane inn i vektklassane lett, normal og tung.

Foto: Brian Ilsø / Colourbox

– Kontroversielt

Forskaren seier han heilt klart forstår at folk kan oppfatte slike forslag som diskriminerande.

– Absolutt, dette er kontroversielt. Om du googlar artikkelen vil du sikkert finne litt forskjellige kommentarar.

– Nokre vil kalle dette ein dum idé eller seie at den er diskriminerande, seier Bhatta til Dagbladet.

– Uaktuelt

Betalingssystemet forskaren føreslå er uaktuelt å innføre hos både SAS og Norwegian. Sjølv om pressekontakt Tormod Sandstø i SAS vedgår at vekt er viktig for dei, trur han ikkje dette blir noko av.

– Vekt er absolutt viktig for flyselskapa, men det å begynne å snakke om vekt opp mot passasjerar, for oss er det veldig framandt.

– Vi er rimeleg trygge på at dette ikkje vil bli godt teke imot av våre kundar og passasjerar, seier Sandstø til NRK.no.