Hopp til innhold

- Eg både kjende og høyrde det

Frå heile Sogn og Fjordane har folk ringt inn etter at dei merka ei veldig buldring nokre minutt etter 11.30 fredag føremiddag. NORSAR stadfestar at det har vore eit skjelv.

Jordskjelv utanfor Florø

BULDER OG BRÅK: Mange rundt om kring i Sogn og Fjordane la merka til skjelvet som fann stad nokre minutt over halv tolv fredag føremiddag.

Foto: Skjermdump frå Norsar

Jordskjelvinstituttet i Norge, NORSAR, på Kjeller stadfestar at det har vore eit jordskjelv. Senteret låg vel 20 kilometer vest av Florø og hadde ein styrke på 3,3.

Meldingane frå folk som har merka skjelvet har kome frå heile Sogn og Fjordane. Til og med i Sykkylven på Sunnmøre har folk meldt frå at det klirra godt i kjøkkenskåpa.

Margunn Ryland på Eikeset i Bremanger ante fred og ingen fare der ho sat i telefonen.

– Eg sat i telefonen og snakka med ei venninne, så begynte det å buldre. Eg bur i eit hus utan kjellar, men likevel var det såpass kraftig at eg merka det godt.

– Eg både kjende og høyrde det. Det klirra i ting, og ho eg snakka med på telefonen høyrde det også. Eg vart litt redd, seier ho til NRK.no.

– Veldig kraftig

På få minutt fekk NRK inn telefonar frå heile Sogn og Fjordane om folk som hadde merka skjelvet.

– Det var veldig kraftig, seier fleire som har teke kontakt.

NRK har førebels fått telefonar frå Selje, Bremanger, Dalsfjorden, Guddal i Fjaler, Bulandet, Leirvik, Svelgen og Florø. Også ved politiet sin operasjonssentral har dei fått meldingar om skjelvet, men det skal ikkje vere meldt om skader.

– Vi ser at det har vore eit jordskjelv. Vi jobbar med å finne ein nærare episenter, førebels veit vi at det var sørvest av Florø og hadde ein styrke på 3,4, seier Tormod Kværna ved NORSAR til NRK.no ved 12-tida.

Sist gong eit jordskjelv råka Sogn og Fjordane var i slutten av oktober i fjor. Den gong låg episenteret nordvest av Selje og hadde ein styrke på 3,0.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tormod Kværna

LITE SKJELV: Tormod Kværna ved NORSAR seier at skjelvet er lite i norsk samanheng.

Foto: Arkiv / NRK

– Eit lite skjelv

Like før klokka 13 har Kværna fått sett nærare på detaljane rundt skjelvet. Medan dei først sa at skjelvet hadde ein styrke på 3,4 har dei no nedjustert dette til 3,3.

Kværna seier at det ikkje er uvanleg at eit slikt skjelv blir merka over eit større område, men at det likevel ikkje er snakk om eit stor skjelv.

– For norske forhold er dette eit lite jordskjelv, og i global skala er det eit veldig lite. På Vestlandet har ein skjelv på opp mot 4,5, så dei er monaleg større enn dette, seier Tormor Kværna ved NORSAR.

Han seier det ikkje er grunn til å tru at det skal kome fleire skjelv i etterkant.

– Kor vanleg er det med slike skjelv?

– Det er ganske vanleg. Vi har fleire slike per år på Vestlandet av denne styrken.

60 år sidan ho merka det sist

I Bremanger er Ryland framleis litt skjelven. 68-åringen seier ho har opplevd jordskjelv ein gong tidlegare, den gong var ho åtte år.

– Vi var ute og hinka paradis, eg og nokre venninne, og så høyrde vi dette rabalderet. Vi gjekk inn i huset, og der skramla det, seier ho og fortel at dagens oppleving var ganske lik.

Ho ho vart merksam på det veldig braket medan ho snakka i telefonen, forstod ho først ikkje kva som skjedde.

– Kva i alle dagar er dette noko tenkte eg. Eg forstod etter nokon sekund at dette var eit jordskjelv.

Ho kan ikkje tidfeste akkurat kor lenge det varte, men meiner det var under eit halvt minutt.

Redd ting skulle dette ut

Kjersti Østvik

RISTA OG BRÅKA: Jordskjelvet var så kraftig at Kjersti Østvik trudde ting skulle ramle ut av kjøkkenskåpa.

Foto: Privat

Kjersti Østvik og dottera i Florø var i ferd med å bake bollar då dei vart merksame på jordskjelvet.

– Det rista så lenge at eg var redd for at om det rista meir så datt alt ut av skapa, seier ho til NRK.no.

Ho fortel at dottera opplevde det som skummelt og stoppa opp med det ho dreiv med. Østvik trudde først det var ei sprengingssalve av noko slags i nærområdet, men skjønte etter kvart at det var eit jordskjelv.

– Jenta mi synest det var veldig skummelt.

Sjølv hugsar Florø-kvinna at ho opplevde jordskjelv som barn, men seier at dette var langt kraftigare.