21.03.2013

Positiv til terror-stortingsmelding

Ronny Iden (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

NØGD: Konstituert politimeister Ronny Iden er så langt nøgd med det som står i stortingsmeldinga, men kan førebels ikkje seie om han meiner det er noko som manglar.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Konstituert politimeister Ronny Iden er positiv til signala som kom i stortingsmeldinga om terrorberedskap som vart lagt fram onsdag.

I dag presenterte regjeringa tiltaka for å styrke terrorberedskapen her i landet. Det etter at den såkalla Gjørv-kommisjonen påpeika ei rekkje feil og manglar etter 22. juli-angrepa.

Konstituert politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, er glad for at det no kjem pengar til meir utstyr og meir tid til trening i politiet.

– No har jo eg sett veldig kort på dette, men det som ligg der er positivt. Eg har derimot ikkje heilt oversikt over det som ikkje ligg der som eg kanskje meiner burde vore der, då det kan eg ikkje svare noko særleg på, seier Iden.

109 millionar ekstra

Regjeringa varsla i dag at det vil bli løyvd 109 millionar kroner ekstra til beredskap. Blant anna skal midlane gå til betre varslingssystem, felles nødnummer og meir politiet, samt nytt IT-utstyr i bilane og fleire spesialtrente i utrykkingseininga. Dette er tiltak som Iden er godt nøgd med.

– Det er viktig ut frå det perspektivet at ein har umiddelbar kontroll og oversikt i bilane, og betre trent mannskap, seier Iden.

Hjelp til grisgrendte distrikt

I stortingsmeldinga gir også politikarane signal om at dei ville greie ut korleis grisgrendte distrikt som Sogn og Fjordane kan få hjelp av til dømes Forsvaret sine spesialstyrkar.

Ei slik utgreiing tek Iden med glede tek imot.

– Dette er noko som har vore snakka om lenge no, og det er klart at når det skjer ei krise av ei større terrorhandling, så er det heilt naudsynt å få brukt dei ressursane som er tilgjengeleg på nasjonalt nivå. Så dette ser vi positivt på. Det gjenstår å få ei opplæring og oversikt korleis dette vil kunne fungere i praksis, seier den konstituerte politimeisteren.