Fjord1 i Florø kan få fleire arbeidsplassar

VURDERER KUTT: Fjord1 sitt Kontor i Molde kan bli lagd ned. Det vil i tilfelle gi fleire arbeidsplassar i Florø.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKFjord1 vurderer å leggje ned kontoret i Molde og flytte funksjonane til kontoret i Florø.
Publisert 20.03.2013 16:52.
- Skriv ut
Det seier administrerande direktør Leif Øverland i Fjord 1 AS til NRK.
Han har onsdag vore i møte med dei tilsette ved Molde-kontoret, der dei har diskutert forbetringsprogrammet til bedrifta.
Kan bli flytta til Florø
– Vi har eit kraftig forbetringsprogram på over 40 millionar kroner, og eit av tiltaka som er diskutert er om det kunne vere klokt å ha ein kontorstad, i staden for to som vi har i dag, seier Øverland.
- LES OGSÅ: Fjord1 har lagt inn bod på Widerøe
- LES OGSÅ: Galskap å kjøpe Widerøe, meiner Frp
– Betyr ei eventuell nedlegging i Molde at arbeidsplassane vert flytta til Florø?
– Med éin kontorlokalisering så snakkar vi om hovudkontoret i Florø, ja.
Fleire effektiviseringstiltak
Øverland fortel at administrasjonen i Fjord1 no jobbar fram ei sak på det totale forbetringsarbeid. Dette skal deretter leggjast fram for styret 2. april, då det skal avgjerast om kontoret i Molde vil bli lagt ned.
– Vi har mange effektiviseringstiltak som skal gjerast både på sjøsida og administrativ side, der dette er eit av punkta, seier Øverland.
Kor mange arbeidsplassar som kan bli flytta til Florø vil ikkje Øverland uttale seg om no.
– Det er altfor tidleg å seie noko om, og det får vi komme tilbake til dersom vi endar opp med å ha ein kontorstad.
- LES OGSÅ: Fjord1 vil kjøpe Widerøe
- LES OGSÅ: Oppgitt over ferjeproblem
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- Fryktar hybelrapport i skuledebatt
- Fleire fjellovergangar stengd
- – Nordfjord vil ha breiare tilbod
- Positiv til terror-stortingsmelding
- Storsatsing i Parken i Gaupne
- Fjord1 vurderer kontorkutt
- Ferska for stygg forbikøyring
- Snaut med snø på toppane
- Jotun med overkommeleg motstand
- Aafedt Flatland står over i dag
Siste: Sogn og Fjordane
Fryktar hybelrapport i skuledebatt - Fleire fjellovergangar stengd
- – Nordfjord vil ha breiare tilbod
- Positiv til terror-stortingsmelding
- Storsatsing i Parken i Gaupne
- Fjord1 vurderer kontorkutt
- Ferska for stygg forbikøyring
- Snaut med snø på toppane
- Jotun med overkommeleg motstand
- Aafedt Flatland står over i dag

















Eit utval av illustrerte norske løyndomar