21.03.2013

Lærdal har fått merke som berekraftig reisemål

Lærdalsøyri og Jan Geir Solheim (Foto: Odd Helge Brugrand / Jan Christian Jerving/NRK)

LÆRDALSØYRI: Er ein av årsakene til at Lærdal får prisen.

Foto: Odd Helge Brugrand / Jan Christian Jerving/NRK

Lærdal fekk i dag merke for "Berekraftig reisemål" av nærings- og handelsminister Trond Giske.

Innovasjon Noreg lanserte i dag ein nasjonal merkeordning for berekraftig reisemål. Ordninga er basert på internasjonale kriterium, der Lærdal har vore ein av fire kommunar i pilotprosjektet.

Lærdal er ein av kommunane som har stått i spissen for dette arbeidet, og tok imot i dag prisen for "Berekraftig reisemål" av nærings- og handelsminister Trond Giske.

– Kvalitetsstempel

– Dette er eit kvalitetsstempel for destinasjonane som no får denne prisen. Dei ledar vegen i den vidare utviklinga av eit berekraftig reisemål, seier Per-Arne Tuftin, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg.

Merket vart delt ut i Oslo, og sjølv om ordførar Jan Geir Solheim (Sp) ikkje var til stades, var det ein nøgd ordførar som kunne konstatera at dei er i spissen når det gjeld berekraftige reisemål.

– Det gjer meg veldig stolt, og eg er veldig glad for at kommunestyret gjekk inn for dette, seier han.

Lærdal får prisen fordi dei er rike på kulturminner og satsar på eigen historie og kulturminner for å skapa utvida sesongar, heiter det i grunngjevinga.

Jan Geir Solheim gir vekk åtte bustadtomter (Foto: Odd Helge Brugrand)

GLAD ORDFØRAR: Jan Geir Solheim.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Gjer oss meir konkurransedyktige

– Kva betyr dette for kommunen?

– Det gjer oss meir konkurransedyktige fordi me er so tidleg ute. Berekraft som omgrep er noko som kjem til å bli brukt i alle reiselivsdestinasjonar om nokre år.

– Me har blitt veldig bevisste på alle planane som er her, og det har bevisstgjort oss på ein god måte.

Dei andre kommunane som er med i pilotprosjektet er Røros, Vega og Trysil.