Nysnø i låglandet - blåst bort på høgfjellet

PÅSKE I ANMARSJ: Allereie førre helg var Jølstravatnet særs innbydande for dei som vil gå på ski.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRKTrass i at vinden har blåst bort snøen på fjelltoppane, trur turistforeininga at sola vil bidra til godt påskevêr. Skredfaren er heller ikkje så uvanleg stor, seier ekspertane.
Publisert 20.03.2013 14:56.
- Skriv ut
– Folk må kome seg ut og nyte været. Eg håpar vinden løyar litt og sola tittar fram, så vert det fantastiske dagar å vere ute, seier leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask.
Avblåst på toppane
Førre helg var Ask på tur til Grøssete i Sogndalsdalen, og han er full av lovord om turtilhøva i fjellet få dagar før påsken tek til. I dei lågare områda ligg nysnøen, medan det i høgda kan vere dårlegare skitilhøve.
LES OGSÅ: Gled deg til påskevêret
– På 1000 høgdemeter og oppover, så er det ganske avblåst. No har det vore ganske mykje nysnø dei siste dagane, så det vil ofte pakke seg og legge seg i lesidene.
– Er det såpass avblåst at du vil rå folk til å ikkje gå i høgfjellet?
– Nei, det vil eg absolutt ikkje. Det som er viktig er å gå på stader og i terreng der det er trygt og ferdast, seier Ask, og åtvarar mot å bevege seg under eller over oppblåste snøskavlar.
Han trur skitilhøva vil vere betre i dei austlege deler av fylket, og særskild aust for Jostedalsbreen.
– I Indre Sogn så kan ein nok finne god snø i lesida, som ikkje har vore så mykje eksponert for vind. Elles er det ikkje så mykje snø, men det bør vere nok til at ein kan finne seg eit trumål og kome seg til fjells, seier Ask.
Mindre skredfare
Måndag denne veka gjekk eit stort snøras i Stryn. Skredforskar Krister Kristensen og Norges Geotekniske Institutt held til. Kristensen meiner skredfaren i fjellet ikkje er noko større enn det som er vanleg i påsketider, men anbefaler påsketuristane om å ta sine førehald.
LES OGSÅ: Leitaksjon etter snøskred i Stryn
LES OGSÅ: Leiteaksjon i Stryn avblåst
– Det er litt varierande tilhøve. Det kom snø for nokre dagar sidan, og det har blåst ein del. Vinden har bygd opp ustabile flak som skiløparar kan løyse ut. Skredfaren er omtrent som vanleg på denne tida av året, seier Kristensen.
Bruk riktig utstyr
Han meiner det er vanskeleg å vere spesifikk når ein snakkar om rasfare, og peiker til at tilhøva kan varierer frå dag til dag og stad til stad. Som ein tommelfingerregel kan ein seie at rasfaren er større over skoggrensa og stader der mykje snø har lagt seg, meiner skredforskaren.
– Det er fullt muleg å gå stader der det ikkje er skredfare i det heile tatt. Det går an å gå der det er mindre bratt, og unngå å gå under heng der det har samla seg mykje snø, seier skredeksperten.
Dei som kjenner eit sterkt behov for å kaste seg ut dei brattare henga vert oppmoda av Kristensen til å ta sine forholdsreglar og ta med seg hjelm, ryggskinne og søkeutstyr.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fryktar hybelrapport i skuledebatt
- Fleire fjellovergangar stengd
- – Nordfjord vil ha breiare tilbod
- Positiv til terror-stortingsmelding
- Storsatsing i Parken i Gaupne
- Fjord1 vurderer kontorkutt
- Ferska for stygg forbikøyring
- Snaut med snø på toppane
- Jotun med overkommeleg motstand
- Aafedt Flatland står over i dag
Siste: Sogn og Fjordane
Fryktar hybelrapport i skuledebatt - Fleire fjellovergangar stengd
- – Nordfjord vil ha breiare tilbod
- Positiv til terror-stortingsmelding
- Storsatsing i Parken i Gaupne
- Fjord1 vurderer kontorkutt
- Ferska for stygg forbikøyring
- Snaut med snø på toppane
- Jotun med overkommeleg motstand
- Aafedt Flatland står over i dag

















Eit utval av illustrerte norske løyndomar