Hopp til innhold

Eit nervøst reiseliv håpar norske reisande skal redde sesongen

Reiselivet er veldig spente på korleis årets sommarsesong blir. Uro i Europa og sterk norsk krone skapar nervøsitet. Håpet er nordmenn skal bruke rikdommen vår i eige land.

Turisme i Sogn og Fjordane

HÅPAR PÅ DEI NORSKE: Reiselivet i Norge håpar nordmenn legg att meir pengar i eige land når dei skal på ferie.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Merete Husmo Høidal / NRK

– Når turistane kjem hit så er det Sognefjorden dei vil sjå og kvile auga på, seier Aud Melås som driv Flåmsbrygga hotell i Flåm.

Frå balkongen ser ein Sognefjorden bade i kald vintersol og nokre hundremeter oppover dalen ser ein dei grøne toga på Flåmsbana stå på perrongen og vente på turistar. I den kalde vinden kan ein skimte ein einsleg turist.

Svak Euro og sterkare krone

Men sommardagen kan det vere så mange som titusen turistar dagleg i den vesle bygda. Men det er eit norsk reiseliv som held pusten før årets sesong.

– Det er mykje som skjer i Europa. Euroen er svakare og krona er sterkare. Den norske marknaden, som vi gjerne også vil ha inn her, dei likar å reise til utlandet. Når Norge er dyrare så er utlandet billegare. Dermed reiser dei ut og besøkjer europearane, medan vi ikkje får europearane hit i like stor grad som før, seier Melås.

Flåmsbrygga hotell starta opp i 2007 og har etter forholda klart seg godt. Men det er ein hotellbransje særleg i distrikta som slit tungt.

Er uroa for arbeidsplassane

Mange klassiske distriktshotell har hatt tunge år og treng at trenden snur. Ordførar i Aurland Noralv Distad veit kor viktige desse arbeidsplassane er.

– Det er urovekkjande at det forsterkar inntrykket ein har av at byane klarar seg rimeleg bra, medan ein slit meir i distrikta. Reiselivet er ei kjempeviktig desentralisert næring, så eg trur mange no må gå i lag for å kjempe for at denne næringa skal få utvikle seg vidare, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Og det er vi nordmenn som kan avgjere framtida for hotella rundt om på bygdene.

– Den norske marknaden er den største marknaden. I sommarsesongen er vel 60 prosent av gjestane norske, difor er det ikkje tvil om at den norske marknaden er ekstremt viktig, seier bransjesjef i NHO Reiseliv, Wenche Salthella.

Nordmenn krev meir og meir

For med sterk krone har vi nordmenn god råd, men samstundes blir det billegare for oss å reise til andre land. I går kunne NRK fortelje at vi nordmenn brukar dobbelt så mykje i utlandet som utanlandske turistar brukar i Norge.

– Den norske marknaden er svært sær. Nordmenn krev meir og meir. Vi har vorte ein nasjon som generelt har god råd. Når vi skal ut og oppleve noko, så krev vi veldig mykje. Kanskje skal det til dømes vere med ein aktivitet som går på dette å vere sporty, for vi nordmenn likar jo å tenkje på oss sjølve som nettopp det, seier Salthella.

Men vêret betyr mest

Men trass om eit moderne hotell tilbyr både høg standard og friske aktivitetar.
Det er ein faktor som dei aldri kan kontrollere men som vi nordmenn totalt let oss styre av.

– Det gule du ser på himmelen. Når ikkje sola syner seg sommarstid, og det regnar og regnar, då er det eit problem. Nordmannen sit i Oslo og ser på Yr, Pent og anna vêrvarsling, og ser at det vert regn, og då avbestiller dei, seier Melås.