Hopp til innhold

- Glimrande ironisk handling

På årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti i helga overrekte leiar Nils P. Støyva ein røykelaks frå Svanøy til statsråd Rigmor Aasrud.

Nils P. Støyva og Rigmor Aaserud med Svanøy-laks

GÅVA TIL RIGMOR AASRUD: Ein røykelaks frå Svanøy, overrekt av fylkesleiar Nils P. Støyva.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det var ei glimrande ironisk handling, det er moro at Arbeidarpartiet legg vekt på det som blir produsert i området som kan bli råka av eit fjorddeponi, seier SV-ar og motstandar av fjorddeponi, Ole Erik Thingnes frå Vevring.

For Sogn og Fjordane Arbeidarparti har teke eit klart standpunkt for gruvedrift og deponering av store mengder gruveavfall på botnen av Førdefjorden. Thingnes må vedgå at han ikkje trur partiet har tenkt ironisk.

– Nei, eg trur nok ikkje dei har tenkt på gruvesaka i det heile når dei har valt gåve til statsråden, eg trur knapt dei ser konflikten. Vi som er imot fjorddeponi er det mellom anna fordi vi vil ta vare på dei eksisterande næringane, mellom dei Svanøy Havbruk.

Ole Erik Thingnes

IRONISK HANDLING? Ole Erik Thingnes, SV (i midten).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Halvor Halvorsen

- PARADOKS: Halvor Halvorsen, Venstre.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eit paradoks

Også Venstre-politikar Halvor Halvorsen frå Flora reagerer på gåva. Han kallar det eit paradoks.

– Her snakkar vi om oppdrettsanlegg som må få nye lokalitetar dersom det blir fjorddeponi. Laksen som Arbeidarpartiet gir som gåve kan bli historie dersom partiet får det som dei vil.

Halvorsen er og opprørt over at fylkesleiar Nils P. Støyva refsa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell fordi han utsette avgjerda i gruvesaka i eitt år.

– Her hudflettar Støyva statsråden fordi han gjer sitt for at prinsippa om berekraftig utvikling blir fylgde, og så vel dei ei gåve frå nettopp det området dei vil øydeleggje. Det heng ikkje på greip.

Monica Oppedal

FORUNDRA: Partisekretær Monica Oppedal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Trekkjer fram det positive

Partisekretær Monica Oppedal i Sogn og Fjordane Arbeidarparti er litt forundra over at nokon kan lage noko negativt ut av gåva til fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.

– Vi er opptekne av å trekkje fram det som er positivt i Sogn og Fjordane, anten det er Moods of Norway eller laks frå Svanøy. Her har vi god og kortreist mat som er ei fin gåve til Aasrud.

10.000 tonn i året

Marø Havbruk på Svanøy

I FARE? Marø Havbruk på Svanøy er eitt av oppdrettsselskapa som har protestert mot fjorddeponi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det høyrer med til historia at dei to lakseanlegga på Svanøy, Svanøy Havbruk og Marø Havbruk er mellom seks oppdrettsselskapa som i april i fjor protesterte mot fjorddeponiet i Førdefjorden.

I brevet til Miljøverndepartementet peikar dei seks selskapa på at dei til saman produserer om lag 10.000 tonn laks og aure i året, gir arbeid til 23 tilsette og omset for 283 millionar kroner.

I Svanøy Havbruk vil dei ikkje kommentere gåva frå Arbeidarpartiet til statsråd Aasrud.